Emner: GEOV228 Kvartær geokronologi - Vår 2021
Undervisningsspråk
Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
Undervisningssemester
Haust.
Emnet vert ikkje undervist ved lågt studenttal og inngår derfor i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi ei innføring i prinsipp og metodar for aldersbestemming av hendingar i kvartærtida. Dette inkluderer òg ei kritisk vurdering av kontekst og geologiske arkiv som vert mykje nytta til å rekonstruere utviklingshistoria. Emnet skal vidare formidle forståing for det teoretiske grunnlaget for radioaktivitet, radioisotopiske metodar og effektar, samt andre kjemiske og biologiske metodar.
Innhald:
Emnet tek opp dateringsmetodar og -teknikkar som radiokarbon- og uranseriedatering, kosmogene nuklidar, luminescens, aminosyre-, tefra- og dendrokronologi. Emnet legg vekt på praktisk bruk av dei ulike dateringsmetodane og kritisk vurdering av analyseresultat.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- forklare sentrale omgrep, definisjonar og teoriar (f.eks. geologisk tid, radioaktivitet, presisjon/nøyaktigheit, usikkerheit)
- forklare prinsippa og det teoretiske grunnlaget for dei ulike dateringsmetodane
- vurdere pålitelegheit til data oppnådd ved numeriske og relative metodar, samt korrelasjonsmetodar
- vurdere dateringsresultat kritisk i både geokronologisk og geologisk kontekst
- demonstrere kva metodar som gir resultat som må korrigerast og/eller kalibrerast
Ferdigheiter
Studenten kan
- velje relevante dateringsmetodar for eit gitt materiale og/eller ei gitt problemstilling
- gjennomføre enkle rekneoppgåver og berekningar for datering av geologisk materiale, blant anna ved bruk av rekneark og nettbaserte ressursar
- summere opp observasjonar/data/resultat/prinsipp grafisk
- tolke (lese og forklare) grafar og plott med geokronologiske data
- samanlikne og drøfte forskjellige geologiske prosessar som har implikasjonar for bruk av dateringsmetodar og tolking av dateringsresultat
Generell kompetanse
Studenten kan
- anvende eit presist geologisk fagspråk for å skildre og diskutere geologiske prosessar, arkiv, materiale og dateringsmetodar
- anvende vitskaplege metodar og integrere, analysere, tolke og kritisk vurdere datasett for å teste hypotesar
- anvende geovitskaplege kunnskapar i problemstillingar knytt til metodebruk og resultat
- bruke bibliotek og vitskaplege databaser til å hente inn relevant informasjon
Krav til forkunnskapar
GEOV109 og GEOV110 (GEOV106 eller GEOV108). For geografistudentar: GEO111.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
10 sp overlapp med GEOL328
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på Institutt for geovitskap og Institutt for geografi.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av førelesingar og øvingar.
Førelesing og/eller øving, 4 timer i veka i 15 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på alle øvingar og innlevering av alle oppgåver.
Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i 2 påfølgjande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Mappevurdering, utgjer 40 % av karakteren.
Munnleg eksamen, utgjer 60 % av karakteren.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er berre mogelegheit for vurderingsmelding og innlevering av mappe i dei semester emnet vert undervist.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
Studierettleiar@geo.uib.no