Haust (fargekode: raud)
Emnet har eit avgrensa tall på plassar (30) og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Mål:
Emnet har som mål å gje ei innføring i periglasiale prosessar og former, glasiologi, samt glasialgeologiske prosessar og -former i fast fjell og lausmassar. Glasiale erosjons- og avsetningsformer og effektar som isbrear og innlandsiser har, og har hatt, på utforminga av landskapet, som for eksempel fjell, dalar og fjordar er sentrale tema i emnet. Målet er også at studentane skal kunne danningsmåte og klassifikasjon av dei viktigaste glasiale avsetningstypane og at dei skal kunne utarbeide eit kvartærgeologisk kart med tilhøyrande feltrapport.
Innhald:
Emnet byrjar med eit 5-dagars feltkurs på Finse, der avsetningar frå brear og brenære geologiske miljø vert studerte og kartlagde. Førelesingane starter med ei innføring i glasiologi (brelære), der mellom anna massebalanse, brerørsle og brehydrologi vert gjennomgått. Vidare vert glasiale erosjons- og avsetningsformer og effektar som isbrear og innlandsiser har hatt på utforminga av landskapet, som for eksempel fjell, dalar og fjordar gjennomgått. Det vert òg gjeve ein kort oversikt over andre kvartære landformer danna ved kjemisk og fysisk forvitring, skred og elver. Danningsmåte og klassifikasjon av dei viktigaste glasiale avsetningstypane vert gjennomgått. Beskriving og tolking av korleis havnivået har endra seg under og etter istidene inngår også i emnet. Glasiasjonsforløpet til den skandinaviske innlandsisen vert gjennomgått, med vekt på isavsmeltingsforløpet mot slutten av siste istid i Noreg. I undervisninga inngår tre øvingar i flyfototolking av glasiale avsetningar og former, samt ei øving i konstruksjon av strandforskyvingskurvar og strandlinediagram.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
Ferdigheiter
Studenten kan
Generell kompetanse
Studenten kan
GEOV105
Undervisninga gis i form av førelesningar, øvingar og ekskursjon.
Førelesingar: 2 timar per veke i 14 veker
Øvingar: 2 timar per veke i fire veker (etter nærare avtale)
Feltkurs: 5 dagar i ei veke i byrjinga av semesteret.