Emner: GEOV355 Anvendt seismologi - Høst 2021




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk, engelsk ved behov

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:
Kurset presenterar grunnleggjande konsept ved anvendt jordskjelvseismologi. Metodane og problemstillingane som vert presentert er og relevante for studentar interessert i jordas struktur og jordskjelvfysikk. Studentane vil få ei djupare forståing for metodar som modellering og inversjon gjennom dei tema som vert diskuterte innan jordskjelvseismologi.

Innhald:
Emnet gjev ein introduksjon i praktiske metodar innan jordskjelvseismologi, herunder også kjelde, bølgebanar og mottakarar. Som eit utgangspunkt vert nokre generelle konsept innan jordskjelvseismologi og forbindelser mot samfunnet diskutert. Emnet gjev ein introduksjon til seismisk instrumentering og brukar seismometeret som eit eksempel på ein dempa oscillator. Deretter gjennomgås jordss struktur og seismiske bølgefaser som vert observerte på lokal og global skala. Forskjellege sider ved kjelda til jordskjelv vert presentert, herunder også kildemekanismen. Ein gjennomgår konseptet med modellering av seismiske bølgjer og momenttensor inversjon. I tillegg til forkastningsgeometri vil emnet også omhandle dei dynamiske eigenskapene som er relaterte til forkastningsbevegelsen. Eit anna viktig tema i seismologi er jordskjelvlokalisering, som vert behandla som eit klassisk inversjonsproblem. Emnet vert avslutta med ein gjennomgang av seismisk demping.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten kan

Ferdigheiter
Studenten kan

Generell kompetanse
Studenten kan

Krav til forkunnskapar

GEOV101

Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet

Tilrådde forkunnskapar

GEOV111, GEOV219

Studiepoengsreduksjon

10 sp overlapp med GEOF270 og GEOF370

 

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar, 2 timar/veke (12 uker)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal skrive og levere ei semesteroppgåve om eit tema relevant for kurset. Obligatoriske aktiviteter er godkjent i 3 semester, inkludert semesteret dei først var godkjende.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve 25% og skriftleg eksamen (4 timar) 75%.
Begge deler må vere bestått for å få endeleg vurdering i emnet.
Digital eksamen, sjå http://www.uib.no/student/86719/digital-vurdering-studenter.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret. Ved eventuell tidleg eksamen i påfølgjande semester vil resultatet frå dei andre vurderingsdelane stå. Disse kan ikkje tas opp igjen, i semester utan undervisning.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@geo.uib.no

Tlf 55 58 35 19