Emner: HELSAM301 Introduksjon til helse og samfunn - Høst 2021
Studiepoeng
10.0Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
HELSAM301 er introduksjonsemnet i masterprogrammet `Helse og samfunn¿. Emnet skal gi studentane ein første introduksjon til helseutfordringar i dagens Noreg, samt sentrale perspektiv på utfordringane. Vidare skal emnet gje ein praktisk innføring i trinna i ein forskingsprosess og litteratursøk. Emnet er studentaktivt.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten har:
- Innsikt i sentrale helseutfordringar i dagens Noreg
- Innsikt i teoretiske perspektiv på helseutfordringar
- innsikt i trinna i ein forskingsprosess
- kunnskap om korleis litteratursøk vert bygd opp
- kunnskap om akademisk skriving og presentasjonar
Ferdigheiter
Studenten kan:
- reflektere rundt sentrale helseutfordringar og deira kompleksitet
- sjå helseutfordringane frå ulike teoretiske perspektiv
- skissere trinna i ein forskingsprosess på eit overordna plan
- gjennomføre enkle litteratursøk og velgje relevante databasar for søk
- skrive og presentere et abstrakt
Generell kompetanse
Studenten kan:
- plassere konkrete helseproblem inn i ein samfunnsmessig kontekst, samt beskrive og diskutere deira kompleksitet
- presentere og grunngje trinna i ein forskingsprosess, skriftleg og munnleg
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Studierett på masterprogram i helse og samfunn
Arbeids- og undervisningsformer
Følgjande arbeids- og undervisningsformer vert nytta:
- førelesningar med studentførebuande og - aktiviserande element
- gruppearbeid
- sjølvstudium
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Oppgåveinnleveringar
- Skriftlege tilbakemeldingar på medstudentar sine oppgåver
- Skriftleg innlevering av abstrakt
- Deltaking og munnleg gruppepresentasjon på BRAK-konferansen
Det forventast at alle studentar møter opp og deltar aktivt i undervisninga. Kvar student har ansvar for eigen læring og for å bidra til gruppas læringsmiljø.
Vurderingsformer
- Individuell skriftleg oppgåve
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet evaluerast etter gjeldande retningslinjer for studiekvalitet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
studie@igs.uib.no