Emner: HELSAM303 Forskingsmetode - Høst 2021
Studiepoeng
5.0Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Mål:
Emnet skal gi en innføring i kvalitative og kvantitative forskingsdesign- og metodar. Kunnskapen skal gi studentane eit grunnlag for å lese, vurdere og analysere forskings- og faglitteratur.
Innhald:
Emnet dekkjer kvalitative og kvantitative forskingsdesign og metodar. Innan kvalitativ forsking vil følgande forskingsdesign bli diskutert: semistrukturerte intervju, fokusgruppeintervju, observasjonsstudiar og dokumentanalyse. Kvantitativ forsking dekker observasjonsstudiar og eksperimentelle studiar og de mest vanlege studiedesign som faller inn under disse hovudgruppene (tverrsnitt, cohort, case-control, randomiserte kontrollerte (RCT) og kvasieksperimentelle design). I tillegg gis det en grunnleggande innføring i vanlege statistiske omgrep og analysemetodar. Grunnlagstenking i kvantitativ og kvalitativ forsking vert reist.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjene læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten har:
- grunnleggande kunnskap om forholdet mellom forskingsspørsmål, forskingsdesign- og metodar
- grunnleggande kunnskap innan kvalitative og kvantitative forskingsdesign
- grunnleggande kunnskap om kjernespørsmål knytt til gyldigheit i kvalitative og kvantitative forskingsdesign
Ferdigheiter
Studenten kan:
- vurdere relevante forskingsdesign- og metodar i høve til aktuelle forskingsspørsmål
- gjere greie for overordna kvalitetskriterier i evaluering av kvalitativ og kvantitativ forsking
- gjere greie for vanlege deskriptive statistiske mål og prinsipp for hypotesetesting og generalisering
Generell kompetanse
Studenten kan:
- vurdere samanhengen mellom eit forskingsspørsmål og et egna forskingsdesign
- analysere vitskapelege artiklar med ulike typar forskingsdesign med omsyn til relevante kvalitetskriterier
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Studierett på masterprogram helse og samfunn
Arbeids- og undervisningsformer
Det vert brukt studentaktive arbeids- og undervisningsformer, som:
- Førelesningar med studentførebuande og studentaktiviserande element
- Gruppearbeid
- Sjølvstudium
- Fleirvalstest
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Oppgåveinnlevering
- Skriftleg tilbakemelding på medstudent sin oppgåve
Det forventast at alle studentar møter opp og deltar aktivt i undervisninga. Kvar student har ansvar for eigen læring og for å bidra til gruppas læringsmiljø.
Vurderingsformer
- Munnleg gruppepresentasjon
- Skriftleg oppgåveinnlevering, beståande av:
- Individuell innlevering av gruppeoppgåve
- Individuelt refleksjonsnotat
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Evaluering med emnerapport til studiekvalitetsbasen kvar 2. gong (4. år)
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
studie@igs.uib.no