Kunnskapar
Studenten kjenner til hovudlinjer i korleis historieskriving og historiefaget har endra seg både internasjonalt og i Noreg. Studenten har kunnskap om ulike forståingar av historie og historieskriving, og dessutan også diskusjonar om ulike analysenivå i historiske og historiografiske tilnærmingar.
Ferdigheiter
Studenten kan plassere historiske arbeid i ein historisk og historiografisk kontekst, relatere seg til eit utval av forståingar av historie og historieskriving, og dessutan ha oversikt over historiske og historiografiske analysenivå.
Generell kompetanse
Studenten har kompetanse i korleis historiefaget har blitt forstått og praktisert. Studenten er i stand til å kontekstualisere og historisere både fortida og forsking om fortida, og til å vurdere spørsmål om analysenivå.
4-timar skoleeksamen på inntil 1500 ord.
Av smittevernomsyn er vurderingsforma hausten 2021 endra til 4 timars skriftleg eksamen heimefrå, med 1 time teknisk tilleggstid.
Instituttet utarbeider litteraturlister på om lag 800 sider.
Litteaturlista er tilgjengeleg frå 1. juni / 1. desember.