Emner: INF234 Algoritmer - Høst 2021




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk. Norsk om kun norskspråklege studentar deltek

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål:
Emnet gjennomgår avanserte metodar for utvikling og analyse av effektive algoritmar for diskrete problem. Teknikkar som blir presenterte inkluderar mellom anna grådige algoritmar, dynamisk programmering og ulike former for graf-traversing. I tillegg dekkjer emnet òg korleis ein kjenner att problem som ikkje lar seg løyse effektivt, såkalla NP-komplette problem.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha oppnådd følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheitar og generell kompetanse:

 

Studenten skal:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

INF102, samt minst eit av MNF130 og MAT221

Studiepoengsreduksjon

I234: 10 ECTS

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet https://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gjevast i form av førelesningar og arbeid i grupper. 4 timar førelesning i veka, samt 2 timar gruppearbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan føregå digitalt (på datamaskin). Sjå meir informasjon på: www.uib.no/digitaleksamen. Opp til 30% av karakteren blir satt på grunnlag av aktivitet i løpet av semesteret, som innleveringsoppgåver og midtsemestereksamen i førelesningstimane. Informasjon om aktivitet som teller på karakteren og vekting av desse vil bli gjeve i byrjinga av semesteret.

Hausten 2021 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

Skriftleg digital skuleeksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen på campus

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar

Tlf 55 58 42 00