Emner: INF358 Seminar i visualisering - Vår 2021




Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master/ PhD

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål:
Hovudmålet med emne INF358 er todelt. For det første blir studentane introdusert til ei rekke visualiseringsløysingar (verktøy) og utøver dei på utvalde datasett. For det andre blir studentane óg introdusert til grunnleggjande metodar for vitskapleg arbeid, alt frå å finne litteratur til å presentere eigen forsking. Etter ei vellukka gjennomføring av emne INF358 veit studentane om vanlige løysingar/verktøy i visualisering og korleis å bruke dei. Dei har óg lært og har erfaring med dei viktigaste metodane, og har fått erfaring med vitskapleg arbeid.

Innhald:
INF358 tar for seg ei rekke vanlege visualiseringssituasjonar, inkludert tabelldatavisualisering, tidsavhengig datavisualisering, nettverkvisualisering og vitskapleg datavisualisering. Med omsyn til prinsippa for vitskapleg arbeid tar INF358 for seg litteraturarbeid, vitskapleg arbeid basert på relatert litteratur, og skriving og presentasjon av eigen (vitskapleg) arbeid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha oppnådd følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 Kunnskapar
Studenten

 

Ferdigheiter
Studenten

 

Generell kompetanse
Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

VISUAL: 10 stp

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gjevast i form av førelesningar, gruppemøter, og praktiske oppgaver

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må klare minst 50% av oppgåvene.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar

Tlf 55 58 42 00