Haust
Emnet går første gong hausten 2019.
Emnet har som mål å gje ei innføring i italienskspråkleg litteratur og litteraturhistorie frå byrjinga det 19. hundreåret og fram til vår tid.
Emnet siktar mot å utvikle evna hjå studentane til å lese og tolke skjønnlitterære tekstar gjennom øving i litterær analyse på grunnlag av kunnskap om dei aktuelle periodane og forfattarane.
Emnet omfattar studium av sentrale tekstar i nyare italiensk litteratur. I studiet av tekstane blir merksemda retta mot dei litterære og språklege verkemidla og korleis tekstane er knytte til italiensk historie og kultur.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:
Kunnskap
Dei studentane som har gjennomført emnet,
¿ har kunnskap om pensumtekstane og kjennskap til den kulturelle konteksten deira
¿ har kunnskap om hovudlinene i italiensk litteraturhistorie frå byrjinga av det 19. hundreåret og fram til vår tid
¿ kjenner til nokre sentrale litterære teknikkar og bruken av dei i dei ulike tekstgenrane.
Dugleik
Dei studentane som har gjennomført emnet,
¿ kan gjere greie for tematiske og formelle aspekt ved pensumtekstane både skriftleg og munnleg
¿ kan plassere pensumtekstane i høve til hovudlinene i italiensk litteraturhistorie
¿kan bruke kunnskapane sine om litterære teknikkar og tema i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstar.
Generell kompetanse
Dei studentane som har gjennomført emnet,
¿ kan gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid
¿ kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoff
¿ kan kommunisere på italiensk på eit nivå utover det elementære.
100-nivå i italiensk eller tilsvarande.
Studentane bør ta våremna ITAL 121, ITAL123 og ITAL125 før ITAL122.
Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime førelesing (altså 2 undervisningstimar) og 2 timar seminar kvar veke i ein periode på 10 veker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Pga. koronasituasjonen vil kravet om oppmøte til undervisninga ikkje bli handheva hausten 2020. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.
I løpet av semesteret skal det haldast eit munnleg innlegg på omlag 10 minutt og skrivast ei øvingsoppgåve på omlag 500 ord.
Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldig i det semesteret desse blir gjennomførde og i semesteret etter.
Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet. Litteraturlista vil vere klar på ¿Mitt UiB¿ innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Ein lyt òg skaffe seg grundigare kjennskap til forfattarane som er på pensum. Stoff om dei einskilde forfattarane finst i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.