Emner: ITAL124 Italiensk språk 2 - Høst 2021




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Undervisningsspråk

Italiensk og norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet utgjer andre del av den systematiske innføringa i italiensk grammatikk.

Dei øvingane som inngår i emnet, har som mål å fremje evna hjå studentane til å sameine kunnskapar i grammatikk og leksikalske kunnskapar i arbeidet med å utforme eigne tekstar på italiensk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Dei studentane som har gjennomført emnet,

Dugleik

Dei studentane som har gjennomført emnet,

Generell kompetanse

Dei studentane som har gjennomført emnet,

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Emnet byggjer vidare på innhaldet i emnet ITAL121, og kunnskapar i italiensk grammatikk tilsvarande eit slikt nivå er ein føresetnad for å kunne arbeide med dette emnet.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for ITAL124 redusert med 10 studiepoeng dersom emnet blir kombinert med ITAL114 eller ITAL104.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i emnet har form av førelesningar og seminarverksemd.

Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime førelesing (altså 2 undervisningstimar) og 2 timar oppgåveseminar kvar veke i ein periode på til saman 10 veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Pga. koronasituasjonen vil kravet om oppmøte til undervisninga ikkje bli handheva hausten 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.

Studentane skal levere to skriftlege utgreiingar på italiensk om eit grammatisk problem i løpet av semesteret. Oppgåvene blir vurderte som godkjend/ikkje godkjend.

Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i det semesteret dei er gjennomførde og i semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er ein munnleg eksamen på omlag 30 minutt. Både italiensk og norsk kan nyttast på denne prøva. 

I den munnlege prøva, som til vanleg tar utgangspunkt i ein tekst, skal studentane syne at dei har oversikt over dei sentrale problema i italiensk grammatikk og at dei kan greie ut om dei i munnleg form.

Hausten 2021 blir munnleg eksamen gjennomført på campus som normalt. Studentar som er i ei risikogruppe, eller av andre koronarelaterte grunnar ikkje kan møte på campus, kan kontakte instituttet på eksamen.if@uib.noeksamen.if@uib.no

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav frå semesteret før.

Litteraturliste

Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet. Litteraturlista vil vere klar på ¿Mitt UiB¿ innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

 Undervisningsopplegget blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for italiensk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar.if@uib.nostudierettleiar.if@uib.no

Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen.if@uib.noeksamen.if@uib.no