Haust
Emnet går første gong hausten 2019
Emnet utgjer andre del av den systematiske innføringa i italiensk grammatikk.
Dei øvingane som inngår i emnet, har som mål å fremje evna hjå studentane til å sameine kunnskapar i grammatikk og leksikalske kunnskapar i arbeidet med å utforme eigne tekstar på italiensk.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:
Kunnskap
Dei studentane som har gjennomført emnet,
¿ har tileigna seg hovuddraga i moderne italiensk grammatikk.
Dugleik
Dei studentane som har gjennomført emnet,
¿ kan forstå og gjere for dei sentrale problema i italiensk grammatikk
¿ Dei kan òg integrere den grammatiske kunnskapen i eigen språkleg praksis.
Generell kompetanse
Dei studentane som har gjennomført emnet,
¿ kan gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid
¿ kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoff
¿ kan vidareutvikle kunnskapane sine i ein studiekontekst eller i yrkeslivet
¿ kan kommunisere på italiensk på eit nivå utover det elementære.
Undervisninga i emnet har form av førelesningar og seminarverksemd.
Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime førelesing (altså 2 undervisningstimar) og 2 timar oppgåveseminar kvar veke i ein periode på til saman 10 veker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av undervisninga. Oppmøtet blir kontrollert.
Studentane skal òg levere ei skriftleg utgreiing på italiensk om eit grammatisk problem i løpet av semesteret. Denne oppgåva blir vurdert som godkjend/ikkje godkjend.
Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i det semesteret dei er gjennomførde og i semesteret etter.
Vurderingsforma i emnet er ein munnleg eksamen på omlag 30 minutt. Både italiensk og norsk kan nyttast på denne prøva. Våren 2021 blir munnleg eksamen digital, som tiltak mot spreiing av koronavirus.
I den munnlege prøva, som til vanleg tar utgangspunkt i ein tekst, skal studentane syne at dei har oversikt over dei sentrale problema i italiensk grammatikk og at dei kan greie ut om dei i munnleg form.