Emner: ITAL302 Italiensk tekststudium og litteraturteori - Høst 2021




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Italiensk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen og nett

Mål og innhald

Emnet skal gje inngåande kunnskapar om italiensk litteratur og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur.

Emnet inneheld to komponentar, ein teoretisk og metodisk del og ein skjønnlitterær del. Emnet byggjer på studiet av nokre sentrale teoriar og metodar som har relevans for italiensk litteraturvitskap. I tillegg gjev det ein breiare kjennskap til italiensk litteratur gjennom fordjuping i utvalde litterære verk. På denne måten skal emnet gje masterkandidatane eit betre grunnlag for å velje emne og teoretisk ramme for masteroppgåva.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap Dei studentane som har gjennomført emnet,

Ferdigheiter Dei studentane som har gjennomført emnet,

Generell kompetanse Dei studentane som har gjennomført emnet,

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i italiensk eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Italienskkunnskapar minst på nivå med dei bachelorgrad med spesialisering i italiensk gjev.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i italiensk

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i emnet har form av førelesingar og seminarverksemd med øvingar.

Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime førelesing (det vil seia 2 undervisningstimar) og 2 timar oppgåveseminar kvar veke i ein periode på til saman 10 veker. Undervisninga vil føregå både på campus og digitale plattformer (hybrid). 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av semesteret skal kvar student halde eit førebudd seminarinnlegg på omlag 15-20 minutt om eit oppgjeve tema. Studenten kan sjølv velje mellom å framføre innlegget fysisk eller digitalt. Innlegget blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Temaet for det munnlege innlegget og semesteroppgåva kan ikkje vere det same.

Semesteroppgåva som utgjer ein del av vurderingsgrunnlaget i emnet, er rettleidd, og studentane må delta på eit obligatorisk rettleiingsmøte med faglærar for å ha høve til å levere oppgåva.

Godkjenninga av dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldig i det semesteret desse blir gjennomførde.  

Vurderingsformer

Eksamen er todelt:

  1. Ei rettleidd semesteroppgåve på om lag 4000 ord skriven på italiensk. Oppgåva skal leverast inn innan 15. november (eller på første verkedag etter denne datoen).
  2. Ein munnleg eksamen der problemkrinsen for samtalen kan hentast frå heile pensumet i emnet. Hausten 2021 blir munnleg eksamen digital, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Semesteroppgåva og den munnlege eksamen tel kvar 50 prosent av den samla karakteren i emnet.

Kandidatar som får karakteren F på semesteroppgåva, får ikkje gå opp til munnleg eksamen. Kandidatar som får F på den munnlege eksamen, får F som samla karakter for emnet. Begge eksamensdelane må vere greidde i same semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust.

Litteraturliste

I pensumoversynet på internett ligg det opplysningar om kva som er pensum til ei kvar tid. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for italiensk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar.if@uib.nostudierettleiar.if@uib.no

Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen.if@uib.noeksamen.if@uib.no