Haust.
Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Mål:
Emnet har som mål å gi en innføring og oversikt over grunnleggande metodar og prosedyrar for syntese av organiske sambindingar med bruk av utstyr i mikro- og halvmikroskala. Syntesane skal vise korleis organiske reaksjonar dannar basis for industriell verksemd som til dømes farmasøytisk industri, matvareindustri, dyrehelse, elektronikk, flavour & fragrance og andre industriar basert på organiske finkjemikaliar. Emnet vil gje ei enkel innføring i analytisk organisk kjemi ved bruk av kvalitative analyser samt infrarød- (IR) og kjernemagnetisk resonans (NMR) spektroskopi for strukturanalyse av organiske sambindingar. Eksperimentelt laboratoriearbeid med moderne syntetiske reaksjonar vil illustrere kva organisk kjemi betyr for samfunnet.
Innhald:
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
KJEM130/FARM130.
Kurset KJEM131/FARM131 er basert på at studentane har kunnskapar i organisk kjemi som tilsvarar nivå frå KJEM130/FARM130.
Undervisning blir gitt i form av forelesingar og laboratoriearbeid.
Forelesninger, 4 timer i uken i 8 uker.
Laboratoriearbeid, 6 timer i uken i 9 uker.
Obligatorisk oppmøte på utvalde forelesingar (HMS, rapportskriving).
Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs
Laboratoriekurs med godkjent laboratorierapport.
Utfyllande eksamensreglar:
1. Gjennomført laboratoriekurs og godkjent journal gjev rett til å gå opp til eksamen i påfølgande 5 semester.
2. I semester med undervisning, kan
a. Studentar med godkjend laboratoriekurs frå tidlegare semester gå opp til teorieksamen.
b. For studentar utan godkjent laboratoriekurs frå tidlegare semester, må både laboratoriekurs og skriftleg eksamen gjennomførast.
3. I semester utan undervisning, kan
a. Studentar med godkjend laboratoriekurs frå tidlegare semester gå opp til teorieksamen.
b. Studentar utan godkjent laboratoriekurs kan ikkje avleggja eksamen.
Oppgåver, journalar og andre obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet
Skriftleg skuleeksamen (4 timar, tel 100% av karaktergrunnlaget)
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr&instnr1