Emner: KJEM203 Petroleumskjemi og biodrivstoff - Vår 2021




Undervisningsspråk

Engelsk.

Undervisningssemester

Kvar andre haust (neste gong haust 2021)

 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi ein brei innføring i kjelder til petroleumprodukt og fornybare drivstoff, og gje ein oversikt over dei kjemiske prosessane som nyttas i produksjon av motordrivstoff og andre petroleumsbaserte produkt eller tilsvarande fornybare alternativ. Emnet skal formidle forståing for variasjon og kompleksitet i heile kjeda frå råstoff, framstilling av produkt og bruk av desse ressursane.

Innhald:

Kurset går gjennom den kjemiske samansetnaden og dei fysiske eigenskapane til petroleum og bio-drivstoff. Prosesser for produksjon av fornybare drivstoff frå ulike råstoff vert også gjennomgått. I tillegg vert metodar for fraksjonering og analyse av olje- og gass presentert, saman med det kjemiske grunnlaget for dei vanlegaste raffineringsmetodane og ei oversikt over produktspekteret frå raffinering av olje. Ulike mål for kvalitet av petroleumsressursar vert gjennomgått. Vidare vert utvalde aktuelle tema presentert, eksempelvis omfang av petroleumsressursar, ukonvensjonelle energikjelder, oljeforureining og gasshydrat. Eit litteraturbasert gruppearbeid innan energiressursar eller produksjon og kjemisk karakterisering av petroleumsprodukt eller biodrivstoff inngår i kurset.

 

 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten


Krav til forkunnskapar

KJEM110

Tilrådde forkunnskapar

KJEM130

Studiepoengsreduksjon

K203: 10stp

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratoriegrupper. seminar, ekskursjon osb.

List opp alle formene og innholdet i disse.

Aktivitet/ Tal på timar pr. veke

Aktivitet/ Tal på veker

Laboratoriearbeid, 2 timer i uken i 8 uker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Prosjektoppgåve med munnleg presentasjon. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i fem påfølgande semester.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4t).

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kun semesteret emnet vert undervist og det påfølgende semesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr&instnr1

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.