Emner: KJEM235 Strukturoppklaring av organiske molekyler - Høst 2021
Studiepoeng
10.0Undervisningsspråk
Norsk. Engelsk ved behov.
Undervisningssemester
Haust.
Mål og innhald
Emnet skal gje ei forståing av korleis ein kan analysere organiske sambindingar ved hjelp av spektroskopiske metodar som infraraud-(IR), ultrafiolett-synlig (UV-Vis) og kjernemagnetisk resonans-(NMR) spektroskopi, samt massespektrometri (MS). Emnet er spesielt konsentrert om tolking av data, men ei grunnleggjande forståing av dei ulike analysemetodane blir også vektlagt. I kurset vil hovudfokus ligge på metodane NMR og MS.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om prinsippa for dei ulike nemnte spektroskopiske metodane
- har kunnskap om bruk av spektroskopiske metodar som verktøy i organisk strukturoppklaring innanfor forsking, industri og helsesektor
Ferdigheiter
Studenten
- kan tolke spektroskopiske data frå IR, UV-Vis, NMR og MS, enkeltvis og kombinert, for å avklare strukturen til enkle organiske sambindingar
- kan foreta strukturoppklaring basert på teoretiske data innhenta ved hjelp av organiske analysemetodar
- kan velje relevante spektroskopiske metodar som egner seg best til eit gitt problem
Generell kompetanse
Studenten
- kan mestre gruppearbeid
- kan kunne løyse ein kompleks problemstilling ved å sette saman bitar av informasjon
Krav til forkunnskapar
KJEM110
Tilrådde forkunnskapar
KJEM130, KJEM131, KJEM140 eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
K234: 10 stp, K234A: 10 stp, KJEM230: 5 stp, KJEM233: 5 stp, KJEM333: 5 stp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratorieøvingar og oppgåver
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk deltakelse på første forelesning.
- Oppgåveinnleveringar og laboratorieøving m/journal. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i fem påfølgande semester. Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.
- Godkjend HMS 2-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS 2-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS 2-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs
Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 5 påfølgande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
Digital skriftleg eksamen (4 timar).
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets reglar
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta. Karakteren A den høgaste beståtte karakteren på skalaen, karakteren F er stryk.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@kjemi.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og
studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
Studierettleiar@kj.uib.no
Tlf 55 58 34 45