Emner: KUVI305 Forskning i praksis - Vår 2021
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Dette er eit forskingsnært emne som springer ut av pågåande forskingsprosjekt i kulturvitskap. Det tematiske innhaldet vil vere avhengig av kva forskar som underviser, og vil derfor variere. Studentane skal tileigne seg kunnskap om forskingsfeltet, samtidig som dei får eit innblikk i forskingsprosessane og materialbruken.
For omtale av temaet som vert tilbydd inneverande semester, sjå her: https://www.uib.no/ahkr/128606/temaomtale-kuvi305
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- Kan bruke kunnskapane om kulturelle fenomen og prosessar for å bidra til nye innsikter om kultur og samfunn.
- Har spesialkompetanse på eit aktuelt kulturvitskapleg forskingsfelt.
Ferdigheiter
Studenten
- Kan fortolke og reflektere kritisk over konkrete kulturelle fenomen.
- Kan formidle aktuell forsking.
Generell kompetanse
Studenten
- Kan formidle kunnskap om eit forskingsfelt og bruke fagets terminologi.
- Kan forstå og fortolke kulturell kompleksitet, endring og stabilitet.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk og grunnleggande kunnskapar i kulturvitskap.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Opptak til masterprogrammet i kulturvitskap
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Eit munnleg framlegg der studentane knyter perspektiva som blir presentert i undervisninga til eit empirisk materiale som skal danne utgangspunktet for oppgåva.
To individuelle rettleiingar av oppgåva.
Vurderingsformer
Ei rettleia semesteroppgåve på 3000 ord.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
A til F, der A er høgste karakter og F er stryk.
Vurderingssemester
Haust / vår
Litteraturliste
Pensum er på 1200-1500 sider.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
mailto:Studierettleiar@ahkr.uib.nomailto:Studierettleiar@ahkr.uib.nomailto:Studierettleiar@ahkr.uib.noStudierettleiar@ahkr.uib.no