Emner: LING122 Språk og kognisjon - Vår 2021




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningsspråk

 Norsk. Engelsk ved behov.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Undervising hausten 2020 vil bli gjeve på engelsk.

 

Kurset gjev ei innføring i kognisjonsvitskap relatert til språkleg kunnskap, språktileigning og bruk av språk. Gjennom døme vil studentane lære om korleis psykologiske og kognitive aspekt av språk kan studerast.

Føremålet med emnet er å gje studentane eit innblikk i språket sin psykologi, å illustrere korleis språkvitskap og eksperimentell psykologi er relaterte, og å gje eit grunnlag for vidare studium i kognitive tilnærmingar til språk.

Læringsutbyte

Etter å ha studert dette emnet skal studentane kunne

· gjere greie for, diskutere og vurdere sentrale delar av den studerte faglitteraturen og dei aktuelle metodane.

· grunngje valet og bruken av omgrep og metodar i eigne arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studenten har avlagt Ex.fac.-varianten Språk og kommunikasjon eller tilsvarande. Det vert kravd evne til å lese engelsk.

Studiepoengsreduksjon

LING122 overlappar med LING118 (5 stp).

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gjeven i form av førelesingar.

Om lag 2 timar pr. veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal levere inn ei obligatorisk oppgåve til godkjenning.

Vurderingsformer

Våren 2021 er vurderingsforma endra frå skuleeksamen til heimeeksamen på 4 timar, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum vert lagt til rette av førelesar. Pensum er omlag 300 - 400 sider, inkludert aktuelle artiklar.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no