Emner: MEPRO100 Examen facultatum - Medieproduksjon og akademisk skriving - Høst 2021




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

 

Undervisningssemester

Haust

Emnet ble undervist siste gang høsten 2021. Det tilbys vurdering til og med høsten 2022

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i teoriar og metodar som søkjer å forstå medieproduksjon og -praksis, og gir ei opplæring i akademisk skriving med fokus på å setje medieproduksjon inn i ein akademisk samanheng. Emnet gir og ein introduksjon til dagens bransje gjennom møter med sentrale medie- og produksjonsselskap. Emnet gir ei forståing av korleis teori og praksis heng saman. Studentane får undervisning i akademiske tenkemåtar, metodar og ressursar. Dei lærer å finne fram til og å bruke relevante akademiske kjelder. Dei lærer om referanseteknikk og god sitatskikk, samt kva som kjenneteiknar akademisk skriving. Studentane lærer òg konvensjonane for ulike akademiske sjangrar, slik at dei seinare i studieløpet veit kva ei akademisk oppgåve og ein produksjonsrapport skal innehalde, og kvifor.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

Ferdigheiter:

Studenten

Generell kompetanse:

Studenten

Studiepoengsreduksjon

Studentar som tidlegare har fullført MIX101 men ikkje MEPRO100, oppmodast til å ta kontakt med studierettleiar.

Krav til studierett

Reservert studentar ved bachelorprogramma i journalistikk og tv-produksjon

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og workshops

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i workshoppane er obligatorisk (minimum 80%).

I workshoppane må studentane skrive ei øvingsoppgåve. Dei må òg opponere på ei øvingsoppgåve skrive av ein medstudent.

Vurderingsformen i MEPRO100 er ei skriftleg oppgåve. Det er obligatorisk å levere inn eit førsteutkast av oppgåva for rettleiing.

Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

 

Oppdatert: Pga. koronasituasjonen vil det ikkje være krav om fysisk oppmøte til seminara høstsemesteret 2021.

Vurderingsformer

Vurderinga av studenten er basert på følgjande:

Ei skriftleg oppgåve på 3000-4000 ord om eit gitt tema innan medieproduksjon, til dømes knytt til journalistikk eller tv-produksjon.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Emnet ble undervist siste gang høsten 2021. Det tilbys vurdering til og med høsten 2022 for studenter som vil forbedre forbedre karakter

 

Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Ved sjukdom under heimeeksamen eller ved oppgåveinnlevering, har ein ikkje rett til ny eksamen påfølgande semester. Instituttet kan likevel innvilge utsetting av innleveringsfrist. Normalt blir det gitt utsetting på 1-3 dagar. Ved sjukdom eller andre særskilde forhold må du ta kontakt med studiekonsulent (studiekonsulent-praktiskinfomedia@uib.no) før innleveringsfristen. Ved innleveringsutsetting må legeattest/dokumentasjon visast.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no