Norsk
Målet med emnet er å presentere studenten for utfordringar knytte til design av system og grenseflatar som støttar medieprodusentar i deira arbeid. Døme er brukarvenlege og brukarorienterte løysingar som hjelper journalistar å navigere store datamengder, applikasjonar som støttar journalistar i felten, og grenseflatar for kollaborativ nyhendeskriving.
I modul 1 blir studentane introdusert til fagfelta medieproduksjonsstudiar, datastøtta samarbeid og arbeidsplasstudiar, og får trening i etnografisk-orienterte metodar som observasjon og intervju.
I modul 2 vil dei i grupper bli utplassert hos ei mediebedrift kor dei utfører eit feltarbeid som lærer dei selskapets rutinar, arbeidsprosessar, verktøy og interaksjonsløysingar. I løpet av praksisperioden observerer studentane arbeidarane, og intervjuar dei om praksisane og erfaringane deira.
I modul 3 lagar studentane ein prototype som hjelper medieprodusentane i arbeidet.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Obligatorisk deltaking i all organisert undervisning.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjende obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.
Institutt for informasjons- og medievitskap