Emner: MOL100 Innføring i molekylærbiologi - Høst 2021
Studiepoeng
10.0Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Emnet undervisast om hausten.
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptakethttp://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Frist for å melda seg til undervising i emnet er torsdag i veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.
Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk, du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen. Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet gir ei oversikt i moderne molekylærbiologi med spesiell vekt på ei kjemisk, genetisk og evulosjonær tilnærming til forståing av biologiske prosessar og system. Det blir gitt ein introduksjon til oppbygging av celler og skilnaden på pro- og eukaryote organismar, modelorganismar, genetikk, biomolekyl, proteinstruktur, enzymologi, metabolisme, bioenergetikk, fotosyntese, replikasjon, transkripsjon, translasjon, ernæring, bioteknologi og molekylærbiologisk metodologi. Det blir fokusert på felles molekylærbiologiske prinsipp og prosessar i ulike organismar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- kan forklare grunnleggjande omgrep og idear innan molekylærbiologi som til dømes biologisk evolusjon, biologisk informasjon, arv og energiomsetting på ein forståelig måte
- kan gjere greie for de mest vanlige modellorganismane som brukas i molekylærbiologisk forsking
- kan forklare oppbygging til strukturar som finst i prokaryote og eukaryote organismar og gjere greie for funksjonane deira
- kan gje ei enkel forklaring av makromolekyla sin struktur og funksjon
- kan forklare korleis arvestoffet vert kopiert, korleis RNA og protein vert laga, og korleis cella regulerer genutrykking
- kan gjere greie for korleis celler bruker og genererer energirike forbindelsar
- kan forklare prinsippa for sentrale metodar i celle- og molekylærbiologi på ein forståelig måte
Ferdigheit:
Studenten
- kan meistre bruk av grunnleggjande omgrep og idear innan molekylærbiologi, arv og metabolisme
- kan analysere og tolke enkle celle- og molekylærbiologiske datasett
Generell kompetanse:
Studenten
- kan formidle på ein enkel måte grunnleggjande kunnskap i basal celle- og molekylærbiologi
- kan reflektere over etiske problemstillingar knytt til bruk av molekylærbiologisk forsking
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
MOL101 5 Sp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Arbeids- og undervisningsformer
.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
To obligatoriske kollokvia.
Gjennomførte aktivitetar er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestra). All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen.
Første forelesing/orienteringsmøtet er obligatorisk.
Vurderingsformer
Digital skriftleg skuleeksamen 3t (70%) og skriftleg midtsemestereksamen 2t (30%). Midtsemestereksamen og skriftleg skuleeksmen er berre gyldig same semester som dei vert gjenomført. Alle eksamenane må vere fullført, og obligatorisk aktivitet godkjent, for å få karakter i emnet i undervisningssemesteret.
For semester utan undervisning kan studenten avleggje avsluttande eksamen dersom dei har godkjend obligatorisk aktivitet. Resultatet frå denne eksamen utgjer karaktergrunnlaget.
Hjelpemiddel til eksamen
Hjelpemiddler er ikke tillatt under skuleeksamen.
Lærebøker, undervisningsmateriell, eigne notatar og internett er tillate under skriftleg skoleeksamen heime. Under skuleeksamen heime er det ikkje lov med samarbeid med medstudent(ar) eller andre. Vidare er det viktig å ikkje forstyrre medstudentar under eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvtitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no