Emner: MUTP300 Musikkterapi i barn og unges oppvekst - Vår 2021




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk 

Mål og innhald

Emnet gjer eit overblikk over relevant teori i arbeid med barn og unge, med fokus på individ- og samfunnsorienterte perspektiv. Kurset gir også oversikt og innblikk i lover og retningslinjer som regulerer arbeidet. Det blir dessutan gitt innføring i forsking og forskingsmetoder som er aktuell for feltet.

Praktisk-metodiske arbeidsmåtar
Kurset inneheld innføring og bruk av arbeidsmåtar knytt til dei ulike områda og målgruppene som inngår i kurset. Dette gjeld bruk av individuelle og miljøorienterte tilnærmingar. Studentane skal lære grunnleggjande ferdigheiter i høve til ulike musikkterapeutiske arbeidsprosessar knytt til feltet barn og unges oppvekst.

Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe
Målet med kurset er å gi studentane grunnleggjande kompetanse for arbeid med barn og unge, å utvikle studentane sin evne til å registrere og beskrive sosialt samspel og å utvikle forståing av kva som ligg i terapeutisk identitet og rolle.

Praksis
Praksis i 7. semester omfattar punktpraksis under rettleiing av musikkterapeut, og er knytta enten til MUTP300 eller MUTP305.

Dersom Punktpraksis er knytta til MUTP300, gjennomførast praksisen knytt til barn og unges oppvekst.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten¿
- har kunnskap om ulike målgrupper, målsetjingar, modellar og arbeidsmåtar innan feltet barn og unges oppvekst
- har kunnskap om individ- og samfunnsorienterte perspektiv på barn og unges oppvekst, tverrfagleg samarbeid og tverretatleg samhandling

Dugleikar
Studenten¿
- har tileigna seg eit relevant praktisk-metodisk repertoar

Generell kompetanse
Studenten¿
- har forståinga av kva det vil seie å arbeide med eit variert utval av målgrupper innan feltet barn og unges oppvekst.

Krav til forkunnskapar

Opptak til 300-nivå av mastergradsstudiet. 

Studiepoengsreduksjon

MUTP201 / Musikkterapi i pedagogiske kontekstar

Krav til studierett

Femårig integrert masterprogram i musikkterapi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Ca. 12 forelesninger med varierte undervisningsformer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar fleire komponentar/kurs;
- To skriftlege oppgåver á 2-3000 ord: ei knytt til individorienterte forståingsmodellar og ei knytt til samfunnsorienterte forståingsmodellar.
- Punktpraksis i 7.semester (dersom knyttet til MUTP300) med rettleiing og innlevering av praksisrapport (se Arbeidshefte for praksis)
- Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe
- Ei praktisk-metodisk arbeidsbok skal utarbeidast. Omfanget av arbeidsboka skal vere omlag 10 songar eller 10 aktivitetar.

Fråvær på meir enn 20 % i ein eller fleire av komponentane i emnet fører normalt til tap av eksamensrett.
Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen.

Vurderingsformer

Ei skriftleg oppgåve basert på dei to skriftlega arbeida gjennom semesteret. Den innleverte oppgåva skal vere på om lag 4000-6000 ord. Litteraturliste og vedlegg kjem i tillegg. Linjeavstand 1,5 og 12 pkt. skrift

Når to eller fleire studentar skriv oppgåve saman, blir omfanget utvida med 2/3 for kvar ny medforfattar.

Ekstern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Pensum: ca. 750 sider

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

 

Kontaktinformasjon

Studieveileder@kmd.uib.no
Tlf 55 58 69 50

Institutt