Emner: NODI101 Nordisk fagdidaktikk - Vår 2021
Studiepoeng, omfang
5
Studienivå (studiesyklus)
100-nivå i integrert lektorutdanning
Fulltid/deltid
-
Undervisningsspråk
Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukt.
Undervisningssemester
Haustsemesteret. Tredje semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar som tek nordisk som fag I. Femte semester for studentar som tek faget som fag II.
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
Emnet skal gje ei innføring i nordisk fagdidaktikk for studentar som har valt nordisk som fag i lektorutdanninga. I innføringskurset legg ein særleg vekt på: - Norskfagleg og nordiskfagleg innhald, kunnskapsforståing og læring.
- Språklæring og språkutvikling.
- Tekstforståing og tekstskaping.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har innsikt i kva norskfagleg og nordiskfagleg kunnskap er, og korleis elevar kan tileigne seg og lære slike kunnskapar
- har innsikt i sentrale styringsdokument for norskfaget
- har innsikt i korleis elevar kan utvikle språkkompetanse og tekstkompetanse
Dugleikar
Studenten
- kan orientere seg i faglitteratur og eksisterande teoriar innanfor nordisk fagdidaktikk
- kan leggje fram erfaringar frå praksis og drøfte dei i lys av fagdidaktisk refleksjon.
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere over faglege og utdanningspolitiske problemstillingar knytte til norskfaget i skulen
- kan vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til fagleg utvikling hos medstudentane
Krav til forkunnskapar
Minimum 15 studiepoeng i nordiskfaglege emne på 100-nivå i språk og litteratur (NOLI102 eller NOSP102/NOSPAN101). PEDA120
KOPRA101 For studentar som tek nordisk som fag II: KOPRA102
Tilrådde forkunnskapar
Minimum 30 studiepoeng i nordiskfaglege emne på 100-nivå i språk og litteratur (NOLI102 og NOSP102/NOSPAN101).
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Kurset er for studentar som tek nordisk som fag i lektorutdanninga.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsforma er primært førelesingar i emnet.
Det vil vere obligatorisk for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA102 for studentar som tek nordisk som fag I, og obligatorisk for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA103 for studentar som tek nordisk som fag II.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA102 for studentar som tek nordisk som fag I.
2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA103 for studentar som tek nordisk som fag II.
Det er venta at studentane er til stades på det meste av undervisninga, og organiseringa av undervisninga har dette som utgangspunkt.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Eksamensforma er 4 timar skuleeksamen. Meir informasjon vert gitt i studiet. Instituttet avgjer ved loddtrekning om eksamen skal skrivast på nynorsk eller bokmål. For skriftleg eksamen kunngjer instituttet skriftspråk seinast ei veke før eksamen. Som ved alle skriftlege eksamenar i nordiskfaget, vert rett og god språkføring vektlagd.
Våren 2021 er vurderingsforma endra frå skoleeksamen til heimeeksamen på 2 dagar, som tiltak mot spreiing av koronavirus. Eksamenssvaret skal ha eit omfang på rundt 1500 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje inkludert.
Hjelpemiddel til eksamen
Gjeldande læreplanverk for norskfaget.
Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskav.
Litteraturliste
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium gjev framlegg om spesifisert pensumliste i emnet. Pensum for http://www.uib.no/nb/emne/NODI101NODI101 utgjer om lag 400 sider av normal vanskegrad.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførde i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontaktinformasjon
studierettleiar@lle.uib.no