Kunnskapar
Ein student som har teke eksamen i NOFI109
- har grunnleggjande kunnskap om eddadiktinga, både gudedikt og heltedikt, og om både eldre og yngre skaldedikting
- har grunnleggjande kunnskap om metrikken i både edda- og skaldediktinga
- har grundig kunnskap om to eddadikt i original språkform
- har grundig kunnskap om ti strofer i dróttkvætt i original språkform.
Ferdigheiter
Studenten
- kan kommentere og analysere eit utval eddadikt og skaldestrofer i original språkform
- kan kommentere og analysere metrikken i ukjende eddadikt og skaldestrofer
- kan forklare bruken av heiti og kenningar i skaldediktinga
Generell kompetanse
Studenten
- kan setje seg inn i mellomalderkjelder med variabel ortografi
- kan sjå samanhengen mellom det fonologiske og det ortografiske nivået i eit språk
Førelesingar: om lag 4 timar i veka i om lag 3 veker.
Kollokvium: om lag 2 timar i veka i om lag 3 veker.
I alt om lag 18 timar undervisning.
Undervisninga blir gjeven i den andre tredjeparten av semesteret.
Undervisninga blir lagd opp med tanke på aktiv deltaking, og det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk oppmøte på minst 75 % av førelesningane og kollokvia sett under eitt.
Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.
Pga. koronasituasjonen fell kravet om 75 % oppmøte bort hausten 2020. I staden må studentane analysere ei strofe på ca. åtte linjer og levere en kort tekst på ca. 500 ord.
Munnleg eksamen.
Den munnlege eksamenen blir normalt halden ei eller to veker etter at undervisninga er over.
Under den munnlege eksamenen kan kandidaten bruke norsk, dansk, svensk eller engelsk. Det blir teke omsyn til at utanlandske studentar kan trenge ekstra tid til å formulere seg.
Våren 2021 blir munnleg eksamen digital, som tiltak mot spreiing av koronavirus.
A. Primærlitteratur
1. Eddadikt: to eddadikt på til saman minst 80 strofer.
2. Skaldedikt: 10 strofer i dróttkvætt.
B. Sekundærlitteratur
1. Ei konsis innføring på ca. 30¿50 sider i edda- og skaldedikt.
2. Eit utval kommentarar til edda- og skaldedikt.
Ei fullstendig litteraturliste blir lagd ut innan 1. juni for det påfølgjande haustsemesteret. Det er høve til å skifte ut delar av denne litteraturen etter avtale med faglærar, men i så fall må den reviderte pensumlista godkjennast av faglærar innan ein frist som blir kunngjord ved opninga av kurset.