Emner: NOLI103-L Nordisk: Den eldre litteraturen for integrert lærerutdanning - Høst 2021




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Fulltid/deltid

-

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet er basert på eit breitt utval nordiske, særleg norske, litterære tekstar frå og med norrøn tid og fram til 1900. I tillegg inneheld emnet eit litteraturhistorisk og eit teoretisk pensum. Det skjønnlitterære pensumet utgjer om lag 2/3 av emnet og er fordelt mellom dei tre skjønnlitterære hovudsjangrane lyrikk, epikk og dramatikk. I tillegg les studentane eit utval sakprosa.

Studentane vil få god kjennskap til sentrale nordiske, særleg norske, tekstar og forfattarskapar frå norrøn tid og fram til 1900. Dei vil òg få innsikt i eldre litteratur og kulturutvikling. Emnet byggjer vidare på kunnskapane frå NOLI102, og er retta mot framtidige norsklærarar, språk- og litteraturkonsulentar og andre som har arbeid der språklege og litterære kvalifikasjonar er eit krav.

Emnet skal gje ei solid litteraturhistorisk innføring som knyter skjønnlitteraturen til sosiale, kulturelle, idéhistoriske og biografiske tilhøve som er relevante for den einskilde teksten. Men emnet skal òg bidra til refleksjon kring litteraturhistoriografien, slik at ein ser litteraturhistoria si framstilling av periodar, kontinuitet og brot som uttrykk for pedagogiske grep og ideologiske strategiar.

Emnet skal auke den sjangerteoretiske forståinga studentane fekk på NOLI102.

Emnet skal ta opp sakprosa, særleg former for sakprosa som er nærskylde skjønnlitteraturen, som til dømes essay, talar og brev, og reflektere omkring skiljet skjønnlitteratur-sakprosa i eit historisk, estetisk og medialt perspektiv.

Emnet skal gje studentane høve til å arbeide sjølvstendig og over tid med ei skjønnlitterær eller litteraturhistoriografisk problemstilling og til å drøfte dette arbeidet med dei andre studentane.

Læringsutbyte

Etter å ha studert emnet skal studentane:

Kunnskapar

Ferdigheiter

Overførbare ferdigheiter

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Emnet har 10 poeng overlapping med NOLI103.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på:

Integrert lektorutdanning med master i nordisk

Integrert lektorutdanning med master i framandspråk

Integrert lektorutdanning med master i religionsvitskap

Integrert lektorutdanning med master i historie

Bachelorprogram i norsk som andrespråk

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga varierer mellom førelesingar og arbeidsgrupper. (Tilsvarande 2 dobbeltimar i veka).

 

Gjennomføringa av tilrettelagt kollokvium (som da kjem i tillegg til annen undervisning) er avhengig av ressurssituasjonen på instituttet.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere eit skriftleg arbeid i løpet av semesteret.

Den obligatoriske oppgåva skal skrivast på bokmål.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg prøve på fire timar. På den skriftlege prøva vel studenten målform sjølv.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt stor vekt på om studenten skriv korrekt og godt.

Godkjend obligatorisk oppgåve er ein føresetnad for å gå opp til skriftleg eksamen.

 

Hausten 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen til fire timars skriftleg eksamen heimefrå (pluss éin time teknisk tid), som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskav.

Litteraturliste

Pensumet tilsvarer om lag 700 sider av normal vanskegrad. Episke og dramatiske tekstar har låg vekting. Instituttet fastset pensumet.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no