Emner: NORSK621 Norsk 1, modul A. Nordisk litteratur 1: Tekstkunnskap og sjangerforståelse - Vår 2021




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk og ev. dansk og svensk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Emnet har to hovudtema: tekstkunnskap og sjangerforståing.

For det første skal studenten utvikle eigen kunnskap og kompetanse på norske og nordiske tekstar i ulike sjangrar frå 1900 til i dag. Emnet tek opp grunnleggande litteraturteoretiske tilnærmingsmåtar og analytiske reiskapar for lesing og tolking.

I tillegg skal studenten utvikle ferdigheiter i å bruke tekstkompetansen i eiga undervisning. Det inneber at tekstane blir sette inn i ein litteraturdidaktisk samanheng der kjennskap til læreplanar og kompetansemål står sentralt. Arbeid med eit breitt utval tekstar dannar utgangspunkt for refleksjon om tilpassa opplæring i norskfaget.  

Læringsutbyte

Ein student som har gjennomført emnet, skal ha følgjande læringsutbyte:

 

Kunnskap: Kandidaten

 

Dugleik: Kandidaten

 

Generell kompetanse: Kandidaten

Krav til forkunnskapar

Studentane skal vere lærarar med pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanning.

Ved eventuelt suppleringsopptak er det ikkje krav om at søkar er tilsett i skolen men må ha godkjend pedagogisk utdanning i tillegg til dei andre krava

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

 

Krav til studierett

Emnet er ope for dei som har fått opptak gjennom UiB Videre

Arbeids- og undervisningsformer

Tre samlingar på to dagar (om lag 12 timar) kvar med varierte undervisningsformer.

Nettbasert førebuings- og etterarbeid

Rettleiing på oppgåver 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Levering av tre individuelle oppgåver innan fastsette fristar i samband med samlingane. Ei av oppgåvene skal vere knytt til bruk av IKT i undervisninga.

Deltaking i arbeidet med munnlege emne på samlingar

Begge målformer skal vere representerte i oppgåvene 

Vurderingsformer

Skoleeksamen på 6 timar

Målform vert bestemt ved loddtrekking 

I samsvar med nasjonale retningslinjer blir det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

 

Våren 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen til seks timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time teknisk tid, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

 Karakterskala A - F

Fagleg overlapp

 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensumet skal svare til ca. 1000 sider av normal vanskegrad. 

Emneevaluering

 Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

evu@lle.uib.no

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no