Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studentane..
- Har kunnskap om kompetanse, arbeidsoppgåver og ansvarsområde hos samarbeidande profesjonar og ernæringsarbeid sin plass og organisering i helse- og omsorgssektoren.
- Har inngåande kunnskap om kliniske ernæringsfysiologars viktigaste ansvarsområder og arbeidsmetodar i spesialisthelsetenesta.
- Har inngåande kunnskap om metodar for dokumentasjon, krav til konfidensialitet i alle praksisfelt og juridiske og etiske aspekt ved journalføring.
- Har inngåande kunnskap om pasientforløp, og korleis pasientar og brukarar vekslar mellom primær- og spesialisthelsetenesta i løpet av ein sjukdomsperiode.
- Kan anvende kunnskap om helse- og velferdssystemet, lovar, regelverk og ernæringsrelevante rettleiarar i si tenesteutøving og forhalde seg til helse- og sosialpolitikk.
- Har avansert kunnskap om dei metabolske endringane som oppstår ved sjukdom og korleis desse påverkar pasientane sitt ernæringsbehov.
- Har avansert kunnskap om årsak, førekomst, konsekvensar og behandling av sjukdomsrelatert underernæring.
- Har inngåande kunnskap om spesialkost og konsistenstilpassa kost.
- Har avansert kunnskap innafor stega i ernæringsbehandlingsprosessen, herunder kartlegging, diagnose, intervensjon og oppfølging, den tilhøyrande modellen og terminologien.
- Har avansert kunnskap om medisinsk ernæringsbehandling ved komplekse ernæringsrelaterte problemstillingar og kritisk sjukdom.
- Kan analysere kosthaldet på individnivå opp mot anbefalingar og retningslinjer relevante i ernæringsarbeidet.
Ferdigheiter: Studentane..
- Kan bruke relevante metodar for å oppdage risiko for uønska hendingar og systematisk følge opp disse.
- Kan analysere og forhalde seg kritisk til metodar for ernæringskartlegging, inkludert kost og næringsinntak, antropometri, biokjemiske data og fysiske funn.
- Kan bruke kunnskap om farmakologi til å forklare funksjonar, interaksjonar, biverknader og kontraindikasjonar av legemiddel som er relevante innan ernæring.
- Kan bruke relevante metodar for å følgje opp og evaluere ernæringsstatus hos ulike brukarar av helsetenester og grupper av pasientar.
Generell kompetanse: Studentane..
- Kan formidle kunnskapsbasert praksis om kosthald og ernæring til pasientar, brukarar, pårørande og andre helseprofesjonar på ein vitskapeleg men lettforståeleg måte.
- Kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter til å utarbeide og oppdatere prosedyrar og rutinar ved ernæringsrelaterte tilstandar og sjukdommar.
- Kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter til å drive kunnskapsbasert ernæringspraksis.
- Kan analysere, reflektere over og handtere etiske problemstillingar i sitt arbeid som klinisk ernæringsfysiolog i tråd med yrkesetiske retningslinjer.