Emner: NUTR203 Ernæringsfysiologi - makronæringsstoffer - Høst 2021




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor, Master

Mål og innhald

Emnet gjev ei detaljert innføring, både teoretisk og praktisk, i dei energigjevande næringsstoffa si fordøying, absorpsjon, transport, lagring og ekskresjon med vekt på næringsemna sin funksjon og biokjemi.

Vidare vektleggast samanhengen mellom inntak av makronæringsstoff på normal utvikling og helse. Dei vitskapelege prinsippa for utforminga av nasjonale og internasjonale næringsstoffanbefalingar og kostråd blir grundig gjennomgått, inkludert korleis ein tolkar anbefalingane. Studentane får ei innføring i patofysiologien til fedme, diabetes og hjarte-kar sjukdommar, samt ernæring si rolle i sjukdomsutviklinga.

Emnet gjev ei innføring i det teoretiske og praktiske grunnlaget for analyse av ernæringsrelaterte bioskjemiske markørar. Studentane blir undervist i prinsippa for den einskilde metode, og det blir gitt ei innføring i prinsippa for prøvetaking, opparbeiding og kvalitetssikring. Studentane skal lære om mykje brukte metodar i kjemiske og biokjemiske laboratorium, både på rutinelaboratorium som Laboratorium for klinisk biokjemi (Haukeland Universitetssjukehus) og forskingslaboratorium. Studentane skal gjennomføre enkelte analyser sjølv.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar: Studentane..

 

Ferdigheter: Studentane..

 

Generelle kompetanse: Studentane..

Krav til studierett

Opptak til bachelorprogram i human ernæring eller masterprogram i human ernæring

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, laboratorieøvingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på laboratoriekursa er obligatorisk, totalt ca. 12 timar. Innlevering av journal etter kvart laboratoriekurs. Journalane må vere godkjente før studentane kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Fire timars skriftleg eksamen.

Karakterskala

A-F

Fagleg overlapp

Emnet samundervises med NUTR203A og man vil ikke få utelling for begge emner

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Kontaktinformasjon

studie-nutrition@uib.no / (+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 61 46