Emner: NUTR203 Ernæringsfysiologi - makronæringsstoffer - Vår 2021




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor, Master

Mål og innhald

Emnet gjer ei detaljert innføring både teoretisk og praktisk i dei energigivande næringsstoffa si fordøying, absorpsjon, transport, lagring og ekskresjon med vekt på næringsemna sin funksjon og biokjemi.

Studentane vil verte underviste i prinsippa for den einskilde metode, og det vert gjeve ei kort innføring i prinsippa for prøvetaking, opparbeiding og kvalitetssikring. Studentane skal lære om mykje brukte metodar i kjemiske og biokjemiske laboratorium, både rutinelaboratorium som Laboratorium for klinisk biokjemi (Haukeland Universitetssjukehus) og forskingslaboratorium.

Emnet gjer ei innføring i det teoretiske og praktiske grunnlaget for ernæringsrelaterte analysemetodar. Vidare vert kosthaldet sin innverknad på normal utvikling og helse vektlagt; nokre av dei mest aktuelle kosthaldsrelaterte helseproblem og korleis desse har samanheng med levekår og livsstil. Det vert fokusert på kjelder til og behov for dei ulike næringsstoffa, næringsstofftilrådingar og korleis slike tilrådingar skal tolkast.

Emnet skal gje detaljert oversikt om prinsipp til utvikling, grunngjeving og estimering av anbefalingar til næringsstoff og ikkje-næringsstoff (til dømes kostfiber, alkohol) både nasjonalt og internasjonalt.

Læringsutbyte

Kunnskapar:
Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å:

Ferdigheiter:
Etter fullført emne skal studenten kunne:

Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten kunne:

Krav til studierett

Opptak til bachelorprogram i human ernæring eller masterprogram i human ernæring

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, laboratorieøvingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på laboratoriekurset er obligatorisk, totalt ca. 12 timar. Innlevering av journal etter kvart laboratoriekurs. Journalane må vere godkjente før studentane kan gå opp til eksamen.

Obligatorisk deltaking i gruppeoppgåver med presentasjon.

Vurderingsformer

Fire timars skriftleg eksamen.

Karakterskala

A-F

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Kontaktinformasjon

studie-nutrition@uib.no
(+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 25 35