Emner: NUTR245 Livsstil og livsløp - Høst 2021




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje studentane inngåande kunnskap om ernæringsbehovet og kosthaldsanbefalingane for alle fasar av livet ¿ inkludert før unnfanging, ved graviditet, og for barn, ungdom, vaksne og eldre. Emnet vil og dekke kosthaldsmønstre og livsstil, inkludert vegetarkosthald.

Vidare vil emnet dekke prevalens, årsaker og konsekvensar av dei mest vanlege ernæringsrelaterte ikkje-smittsame sjukdommane hypertensjon, hyperlipedemi, kardiovaskulære sjukdommar, fedme, diabetes type 2 og kreft. Emnet vil sjå på betydninga av kosthald og førebyggande tiltak for desse sjukdommane. I tillegg vil ein lære om prevalens, årsaker og konsekvensar av matintoleranse og -allergiar og kosthaldsbehandlingar til desse tilstandane.

Læringsformene vil være varierte, inkludert førelesningar, quiz, debatt, gruppearbeid og presentasjonar, i tillegg til sjølvstudium. I løpet av dette emnet, skal studentane delta på to dagars tverrfagleg praksis (TVEPS) i en institusjon for barn, f.eks barnehage.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar: Studentane..

 

Ferdigheiter: Studentane..

 

Kompetanse: Studentane..

 

Læringsutbytte TVEPS

Kunnskap: Studentane..

 

Ferdigheiter: Studentane..

 

Generell kompetanse: Studentane..

Krav til studierett

Opptak til bachelorprogram i human ernæring

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, gruppeoppgåver og studentpresentasjonar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gruppearbeid og ein presentasjon
TVEPS-praksis

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar

Karakterskala

A-F

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Kontaktinformasjon

studie-nutrition@uib.no / (+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 61 46