Mål
Emnet har som mål å gi studentane ei brei innføring i grunnleggjande astrofysikk. Emnet skal formidle korleis fysikkens grunnleggjande lover kan nyttast til å forstå og forklare observasjonar av prosessar og fenomen i stjerner, planetar, galaksar og interstellar materie.
Innhald
Emnet gir ei innføring i generell astrofysikk med spesiell vekt på dei fysiske prosessane som ligg til grunn. Eksempel på tema som vert behandla er: Astrofysiske observasjonar, oppbyggjinga og utstrålinga til sola, planetane og deira atmosfære, månar samt planetære energibudsjett, stjernene sitt liv frå fødsel til supernovaeksplosjonar, Melkevegen, interstellar materie, galaksar og kosmologi.
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Emnet er opent for alle studentar med ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
Undervisninga gis i form av førelesningar, oppgåvegjennomgåing i plenum, rekneverkstad og prosjektoppgåve
Førelesningar 4 timar per veke
Oppgåvegjennomgåing i plenum 1 time per veke
Rekneverkstad 2 timar per veke
Godkjend prosjektrapport
Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i tre påfølgande semester etter godkjenninga. Vidare er det obligatorisk å delta på to tester. Dette arbeidskravet er gydlig i to semester.
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Skriftleg eksamen (4 timar), utgjør 100% av karakteren.
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F
Grunna tiltaka mot spreiing av Covid-19 er UiB stengd for gjennomføring av campus-eksamen. Hausten 2020 er det følgande endringar i vurdering i emnet:
Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder@ift.uib.no