Emner: PPUDEL103 Integrert pedagogikk og realfagsdidaktikk 3 - Vår 2021
Studiepoeng, omfang
15
Fulltid/deltid
Deltid
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningsstad
Universitetet i Bergen og praksisskolar
Mål og innhald
Målet for emnet er at studenten ved avslutta kurs skal vise grunnleggjande forståing av profesjonell naturfagundervisning, kritisk tenking i og om undervisning, og fagleg, fagdidaktisk og pedagogisk utvikling i læraryrket.
Hovudtema for emnet er undervisning, kritisk tenking og profesjonell utvikling. Undertema kan vere:
- planlegging, gjennomføring og evaluering av variert undervisning i naturfag på ulike læringsarenaer og tilpassa ulike elevgrupper
- praksisorientert utviklingsarbeid
- ulike kunnskapsformer
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- veit kva læreplanar og andre styringsdokument seier om grunn¬leggjande ferdigheiter i naturfag
- kan greie ut om omgrepslæring og djupnelæring i naturfag og korleis desse omgrepa blir framstilte i forskingslitteratur og styringsdokument
- kan gjere greie for ulike former for undervisning for berekraftig utvikling og bruk av natur, inkludert naturbruk og natur-forvaltning i den samiske kulturen
- kan forklare korleis dei planlagde aktivitetane kan fremje kognitiv utvikling og språkleg aktivitet hjå elevane
- kjenner prinsippa for læring gjennom dialog og for utforskande arbeidsmåtar i undervisning
- kan gjere greie for teoriar om profesjonell utvikling
Ferdigheiter
Studenten
- kan undervise i naturfag i lys av sentrale teoriar om læring og motivasjon
- varierer undervisninga
- stimulerer elevane til å tileigne seg grunnleggjande ferdigheiter
- stimulerer elevane til å utvikle kunnskap om og respekt for natur og miljø
- tar ansvar for opplæring, klassemiljø og tryggleik knytt til ulike undervisningsformer
- kan leie klassar/elevgrupper på ekskursjon og i laboratorieaktivitetar i naturfag
- legg for dagen aukande meistring av læraryrket og evne til å reflektere over si eiga utvikling i praktisk arbeid og i dei obligatoriske oppgåvene
Generell kompetanse
Studenten
- viser evne til å reflektere kritisk over planlegging og gjennomføring av naturfagundervisning på ulike arenaer og i heterogene elevgrupper
- finn, brukar og vurderer relevant fagleg, fagdidaktisk og pedagogisk litteratur i fagleg argumentasjon og undervisning
- arbeider målretta med å utvikle sin eigen profesjonalitet på eiga hand og i samarbeid med andre
Krav til forkunnskapar
Studenten må ha greidd PPUDEL101 og PPUDEL102.
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Studierett på praktisk-pedagogisk utdanning deltid ved UiB
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga er lagt opp etter ein integrert modell med samarbeid mellom pedagogikk og didaktikk i undervisning, oppgåver, rettleiing, praksis og eksamen. Undervisninga blir organisert som ei blanding av nettbasert studium, tre samlingar og praksis. På samlingane møter studentane varierte undervisningsformer, m.a. førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper.
Studentane har tilbod om til saman 2 timar individuell rettleiing av fagdidaktikar og pedagog.
Emnet har 20 dagar praksis som skal gjennomførast i løpet av 8 veker:
- Praksis vil normalt bli lagt til ein ungdomsskole.
- Studentane har praksis i grupper, par eller individuelt.
- Praksis skal helst gjennomførast i matematikk og naturfag, men andre realfag kan også vere aktuelle
- Ein praksisdag er definert som minimum 6 skoletimar (4,5 klokketimar). Dette inkluderer førearbeid, observasjon, undervisning og rettleiing, samt møte og liknande aktivitetar ved skolen.
- Praksis er tilpassa og fleksibel slik at skole og student i fellesskap blir einige om når praksis blir gjennomført innafor den gitte praksisperioden.
- Praksis blir evaluert ved praksisskolen og av pedagogar og fagdidaktikarar på praksisbesøk.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking på samlingar
- 20 praksisdagar i skolen
- To innleveringar av utkast til praksisoppgåve
- Munnlege presentasjonar av eige prosjektarbeid undervegs
- Deltaking i responsgrupper med fagfellevurderingar
Dei obligatoriske aktivitetane må være godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Skriftlig praksisoppgåve på 4000 ord +/- 10%
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Institutt for pedagogikk
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet
Kontaktinformasjon
https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet
Institutt
Institutt for pedagogikk