Emner: PSYK649 Pandemi og krisepsykologi - Høst 2021




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Deltid

Undervisningssemester

Haust, gjennomføres siste gang hausten 2021

Undervisningsstad

Senter for krisepsykologi, nettbasert

Mål og innhald

Kurset skal gje deltakarane ein grunnleggande innføring og praktisk nyttige kunnskap innan krisepsykologi og pandemi, basert på kliniske erfaringar og forsking som kan jamførast med deltagaranes sine personlege erfaringar med Covid-19 pandemien.

Kurset har følgande innhald:

Tema 1 - tar føre seg korleis menneske reagerer på kriser, belastningar og uventa livshende som ein pandemi.

Tema 2 - fokuserer på meistring, tilpassing og betydinga av personalomsorg og leiing under ein pandemi.

Tema 3 - omhandlar utfordringar og reaksjonar hos spesielt utsette grupper og ulike støttetiltak som kan fremje konstruktiv meistring.

Tema 4 - siktar mot fagleg integrasjon av de første samlingane og korleis ein pandemi påverkar familie, fritid og sosialt liv - gje rom for refleksjon over deltakaranes personlege erfaringar frå pandemien. Den siste samlinga vil også ha eit eksamensførebuande mål.

Læringsutbyte

Kunnskapar

 

Studenten ..
- kan beskrive teoriar om krisereaksjonar generelt og reaksjonar på en pandemi spesielt
- kan formidle kunnskap om psykologiske reaksjonar og aktuelle hjelpetiltak under en pandemi både skriftlig og munnleg
- har kunnskap om korleis formidle resultat frå et prosjektarbeid

 

Ferdigheiter
Studenten ..
- kan identifisere stressreaksjonar og risikofaktorar under ein pandemi
- kan bidra til å etablere ein god praksis for å ivareta medmenneske og kollegaer på sin eigen arbeidsplass i en pandemisituasjon
- kan finne, vurdere og nytte fagstoff om pandemi og krisepsykologi for å utdjupe faglege problemstillingar
- kan gjennomføre enkle litteratursøk og anvende god kjeldebruk
- kan meistre formelle og faglege krav til munnleg formidling av eit fagleg arbeid

 

Generell kompetanse
Studenten ..
- drøfte faglige og etiske problemstillinger som kan oppstå når arbeidsgjevar skal legge til rette psykososiale støtte-tiltak under en pandemi
- kan nytte og samstundes være klar over grensene for eigen kunnskap
- kan kommunisere om faglege problemstillingar med andre fagpersonar
- kunne nytte data-teknologi og video-rettleiing o.l.
- kan anvende fagkunnskapen på området og bidra i tverrfaglege kollegagrupper

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse

Studiepoengsreduksjon

Emnet vil gje 100% reduksjon i høve til emna PSYK 649A/B

Krav til studierett

Emnet er ope for inntil 36 studentar med allmenn studiekompetanse (EVU).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er organisert med fire digitale tema-samlingar.

For kvart tema er det ein dag med nettbasert undervising frå 0900-1530.

Undervisninga vekslar mellom førelesingar, gruppediskusjonar (via «breakout rooms» i zoom) og individuelle oppgåver.

Førelesingane fungerer som introduksjon til kvart emne, og vil gi oversikt over sentrale områder som kan nyttast i dei vidare diskusjonane og i arbeidet med eiga prosjektoppgåve (eksamen).

På- og mellom samlingane vil studentane arbeide med ei prosjektoppgåve under rettleiing

Mitt UiB vil bli nytta for studierettleiing, øvingsoppgåver drøfting av prosjektarbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- 80% obligatorisk deltaking i nettbasert undervisning, det vil si deltaking på minimum 3 av 4 samlingar.

- Innlevert refleksjonsnotat over eiga erfaring frå prosjektarbeidet i gruppe etter fjerde samling

Vurderingsformer

Munnleg framlegging og drøfting av prosjektoppgåve

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Kurset vil ha ei litteraturliste på ca. 650 sider totalt. Litteraturlista vil være tilgjengeleg frå 15. august

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Kontaktinformasjon

evu.psyfa@uib.no