Emner: PTEK211 Grunnleggende reservoarfysikk - Vår 2021




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

 

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk om berre norskspråklege deltek.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studentane i BS-graden i petroleumsteknologi eit godt og breitt grunnlag i omgrep og likningar for fleirfasestraum i porøse medium (olje- og gassreservoar). PTEK211 skal gje eit fagleg fundament for å forstå olje- og gass sin plass i noverande og framtidig energiforsyning og vise korleis petroleumsproduksjon kan endrast mot ein meir karbonnøytral energiproduksjon. Emnet skal gje ein oversikt over alternative energikjelder for framtida og verdifull kunnskap omkring energiomstilling.

 

Innhald:

Emnet gir ei innføring i generell reservoarfysikk med vekt på dei fysiske prosessar som ligg til grunn for petroleumsproduksjon. Grunnleggjande petrofysiske omgrep og likningar som blir gjennomgått er absolutt og relativ permeabilitet, fuktpreferansar, kapillartrykk, kjerneanalyse og brønnlogging. Det bli diskutert og framlagt ulike teknologiar for optimalisert produksjon av petroleum. Nye teknologiar for reduksjon av karbonavtrykk i petroleumsproduksjon, inklusivt CO2 fangst og lagring (CCUS) blir særleg vektlagt. Alternative energiressursar vil bli presentert og diskutert i lys av olje- og gass produksjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Ved fullført emne PTEK211 skal studenten kunne:

 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

 

Generell kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Dei to første semestra i bachelorstudiet i petroleum- og prosessteknologi.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetethttp://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga gis i form av førelesningar

Aktivitet/ Tal på timar pr. Veke: 3

Aktivitet/ Tal på veker: 14

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen obligatoriske aktivitetar

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Contact information student adviser: mailto:studieveileder.ppt@ift.uib.nostudieveileder.ppt@ift.uib.no

Tlf: 55 58 28 64