Emner: RELV302L Spesialiseringsemne med semesteroppgave (lektorutdanning) - Høst 2021
Studiepoeng
10.0Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Master
Fulltid/deltid
-
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Kvar haust, vår når det er ressursar til det.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Studenten skal få fordjupa kunnskapar på eit spesielt område av historisk eller systematisk karakter.
Studenten kan velja eit av eventuelt fleire moglege temaalternativ, som representerer ei spesialisering på enkelte religionar eller religiøse fenomen, eller på tema av systematisk eller teoretisk karakter.
Læringsutbyte
Studenten har ved avslutta emne følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har djupnekunnskap innafor temaet.
- har kunnskap om temaets historie, tradisjonar og eigenart.
- har kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innafor temaet
Ferdigheiter
Studenten
- har evne til å analysere fagstoff og trekke eigne slutningar.
- har evne til å kritisk granske eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innafor temaet.
- har evne til å finne relevant fagleg informasjon.
- har evne til å skrive ein resonnerande tekst om temaet.
- har evne til å kommunisere om faglege tema innafor eit fagfellesskap.
Generell kompetanse
Studenten
- har generell innsikt i temaet.
- har erfaring med å utvikle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor temaet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Fullt fagleg overlapp med RELV302, RELV302SEM og RELV202SEM.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til 5-årig lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap (med religionsvitskap som fag I).
Arbeids- og undervisningsformer
Utanom forelesingar og seminarundervisning, vil undervisninga i temaa kunne skje i form av rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Vurderinga på emnet har to deler: ei rettleidd oppgåve og ein justerande munnleg eksamen
- Semesteroppgåve (om lag 6000 ord), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna,
- Justerande munnleg eksamen
Hjelpemiddel til eksamen
-
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust og vår
Studentar som kan dokumentere sjukdom på eksamenstidspunktet, kan ta eksamen i undervisningsfritt semester.
Litteraturliste
Litteraturlista vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 1000 sider.
Littteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Programstyret for Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap har eit overordna koordinerande ansvar.
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet, dersom du har spørsmål:
lektor@hf.uib.no