Emner: RUS100 Grunnkurs i skriftlig og muntlig russisk - Vår 2021




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

-

Undervisningsspråk

Norsk, russisk og evt. engelsk ved behov.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje ei elementær innføring i hovudlinene i russisk språk og realia og skal danne eit godt grunnlag for vidare studium i russisk.

Kurset kan også komme til nytte i ei rekkje andre studium, yrke og yrkeskombinasjonar.

For studentar som ikkje kan dokumentere kunnskapar tilsvarande RUS100 eller har greidd den fagdiagnostiske testen som blir arrangert i byrjinga av kvart semester, er RUS100 eit obligatorisk emne for å kunne ta vidare studium innan russisk bachelor (RUS120, RUS121, RUS130, RUS131, RUSPZ132, RUS240 og RUS251).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap Studenten

 

Ferdigheiter Studenten

 

Generell kompetanse Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskapar i setningsanalyse er ein føremon.

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset går over heile semesteret, i 12 veker, med normalt 6-8 timar undervisning i veka. Undervisningsforma vil vere førelesingar kombinerte med øvingar, omsetjing, lesevurdering, samtalar på russisk og liknande.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte til minst 70% av førelesingane

2) Oppmøte til minst 70% av undervisninga i munnleg russisk

3) Innlevering av minst 70% (8 av 12) av dei skriftlege innleveringsarbeida

4) Deltaking på minst 7 av dei 10 av glose- og setningsprøvene

5) Ein munnleg prøve på russisk. (kan bli digital). 

Pga. koronasituasjonen vil kravet om oppmøte til undervisninga ikkje bli handheva hausten 2020. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

 

Vurderingsformer

Våren 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skuleeksamen (4 timar) til 4 timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time teknisk tid, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

Våren 2021 er alle hjelpemeddel tillatne ved skriftleg eksamen heime.

Karakterskala

Våren 2021 er karakterskalaen endra frå A-F til bestått / ikkje bestått, som følge av endringar i vurderingsforma.

Vurderingssemester

Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Ei begynnarbok blir gjennomgått. I tillegg kjem praktisk fonetikk og enkel konversasjon på russisk.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for russisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no