RUS130 har som mål å 1) gje teoretisk innsikt i alle dei mest sentrale emna innanfor russisk grammatikk og språkstruktur og 2) vidareutvikle dugleiken i skriftleg og munnleg russisk, tekstforståing og omsetjing mellom norsk og russisk.
Emnet er todelt, der grammatikkdelen famnar om dei viktigaste felta innan russisk grammatikk med hovudvekt på morfologi og syntaks. Den meir praktiske delen omfattar munnleg russisk, tekstarbeid og skriftleg språkbruk med hovudvekt på omsetjing frå norsk til russisk. I høve til Russisk språk I (RUS120) utgjer Russisk språk II (RUS130) ei monaleg utviding av kunnskapane i teoretisk og anvendt grammatikk, munnleg og skriftleg russisk og omsetjing.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten har
Ferdigheiter:
Studenten
Generell kompetanse:
Studenten
Undervisninga i Russisk språk II vil gå over 9 veker frå veke 39 med normalt 8 timar undervisning i veka. I veke 36-38 blir det digitale innleveringar av omsetjingar og øvingar, både for studentane som tek RUSPZ132 og for dei som ikkje gjer det. I veke 35-38 blir det i tillegg ein dobbeltime i munnleg russisk i veka. Undervisningsforma vil vera førelesingar, tekstarbeid, grammatiske øvingar, gjennomgang av omsetjingar og andre skriftlege heimeoppgåver og trening i munnleg russisk.
Pga. koronasituasjonen og koordinering med (digitalt) RUSPZ132 vil undervisninga hausten 2021 gå i 9 veker frå veke 36. Digitale innleveringar og munnlegundervisning vert tilpassa dette opplegget.
1) minst 70% oppmøte til førelesingane
2) minst 70% oppmøte til munnlegtimane
3) innlevering av minst 70% av dei skriftlege arbeida (øvingar, eksamensoppgåver, omsetjingar til russisk og til norsk, fritekstar m.m.)
4) ein munnleg presentasjon (kan bli digital)
Pga. koronasituasjonen vil kravet om oppmøte til undervisninga ikkje bli handheva hausten 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.
Skriftleg skuleeksamen på 4 timar som omfattar grammatikk og omsetjing. Svara på grammatikkoppgåvene skal skrivast på norsk. Det skal omsetjast ein ukjent tekst à ca. 100 ord til russisk og eit kort utdrag av ein russiskspråkleg pensumtekst til norsk.
Viss leiinga ved UiB gir beskjed om å kansellere skriftleg skuleeksamen i sal som tiltak mot spreiing av koronaviruset vert forma for vurderinga endra til 4 timars skriftleg eksamen heime + ein time teknisk tilleggstid, samt digital munnleg eksamen. Munnleg eksamen tel 60 % og skriftleg eksamen heimefrå tel 40 % av den samla karakteren. Begge eksamensdelane må vera greidde i same semester.
Pensum består av eit grammatikkverk som gjev ei elementær og oversiktleg innføring i russisk grammatikk, eit hefte med omsetjingar og andre skriftlege heimeoppgåver, ei lærebok i omsetjing til russisk, grammatiske øvingar og eit utval russiskspråklege tekster frå ulike sjangrar.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.