Emner: RUS130 Russisk språk II - Vår 2021




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningsspråk

Norsk, russisk og evt. engelsk ved behov.

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

RUS130 har som mål å 1) gje teoretisk innsikt i alle dei mest sentrale emna innanfor russisk grammatikk og språkstruktur og 2) vidareutvikle dugleiken i skriftleg og munnleg russisk, tekstforståing og omsetjing mellom norsk og russisk.

Emnet er todelt, der grammatikkdelen famnar om dei viktigaste felta innan russisk grammatikk med hovudvekt på morfologi og syntaks. Den meir praktiske delen omfattar munnleg russisk, tekstarbeid og skriftleg språkbruk med hovudvekt på omsetjing frå norsk til russisk. I høve til Russisk språk I (RUS120) utgjer Russisk språk II (RUS130) ei monaleg utviding av kunnskapane i teoretisk og anvendt grammatikk, munnleg og skriftleg russisk og omsetjing. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap:

Studenten har

 

 

Ferdigheiter:

Studenten

 

 

Generell kompetanse: 

Studenten

 

Krav til forkunnskapar

RUS100, eller forkunnskapar som svarar til dette emnet 

Tilrådde forkunnskapar

RUS120, eller forkunnskapar som svarar til dette emnet. 

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for RUS130 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med RUS114 og med 10 studiepoeng om det blir kombinert med RUS113.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i Russisk språk II vil gå over 9 veker frå veke 39 med normalt 8 timar undervisning i veka. I veke 36-38 blir det digitale innleveringar av omsetjingar og øvingar, både for studentane som tek RUSPZ132 og for dei som ikkje gjer det. I veke 35-38 blir det i tillegg ein dobbeltime i munnleg russisk i veka. Undervisningsforma vil vera førelesingar, tekstarbeid, grammatiske øvingar, gjennomgang av omsetjingar og andre skriftlege heimeoppgåver og trening i munnleg russisk.

Pga. koronasituasjonen og koordinering med (digitalt) RUSPZ132 vil undervisninga hausten 2020 gå i 9 veker frå veke 37. Digitale innleveringar og munnlegundervisning vert tilpassa dette opplegget.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) minst 70% oppmøte til førelesingane

2) minst 70% oppmøte til munnlegtimane

3) innlevering av minst 70% av dei skriftlege arbeida (øvingar, eksamensoppgåver, omsetjingar til russisk og til norsk)

Pga. koronasituasjonen vil kravet om oppmøte til undervisninga ikkje bli handheva hausten 2020. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.

 

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester. 

Vurderingsformer

Våren 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen til fire timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time teknisk tid, samt digital munnleg eksamen, som tiltak mot spreiing av koronavirus.


Munnleg eksamen tel 60 % og skriftleg eksamen heimefrå tel 40 % av den samla karakteren. Begge eksamensdelane må vera greidde i same semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Våren 2021 er alle hjelpemeddel tillatne ved skriftleg eksamen heime.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum består av eit grammatikkverk som gjev ei elementær og oversiktleg innføring i russisk grammatikk, eit hefte med omsetjingar og andre skriftlege heimeoppgåver, ei lærebok i omsetjing til russisk, grammatiske øvingar og eit utval russiskspråklege tekster frå ulike sjangrar.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.  

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for russisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no

Institutt

Institutt for fremmedspråk