Emner: SAMPOL100 Examen facultatum - Innføring i sammenliknende politikk - Høst 2021




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng 

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet gir ein brei innføring i faget samanliknande politikk og studentane får innsikt i sentrale teoriar, omgrep og politiske system i eit utval land. Emnet er todelt. Den fyrste delen omhandlar nokre av dei mest sentrale omgrepa og teoriane i faget samanliknande politikk: stat og nasjon, politiske regimer, demokrati, politisk økonomi og politisk deltaking. Den andre delen fokuserer på politiske styresett i eit utval av land. Omgrepa og teoriane frå den første delen blir nytta på empiriske døme for å forklare, forstå og samanlikne politiske styresett og land. I denne delen startar undervisninga med ein gjennomgang av dei nordiske politiske styresetta. Deretter blir fokuset retta utover mot andre etablerte demokrati i den vestlege verda, samt nye demokrati og autoritære styresett i andre delar av verda.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan

Ferdigheiter

Studenten kan

Generell kompetanse

Studenten kan

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Emnet overlappar 10 studiepoeng med POLØK100

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

To obligatoriske oppgåver på maksimalt 1000 ord kvar. Oppgåvene må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen. Obligatoriske arbeid som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

6 timar skriftleg eksamen

 

Oppdatert: Skriftleg eksamen blir bytta ut med 2-dagars heimeeksamen (maksimalt 2500 ord) høsten 2021.

Eksamensinformasjon: Heimeeksamen blir utlevert kl 09.00 med innlevering kl 14.00 dagen etter.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F   

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%C3%A5-eksamenrett til ny vurdering.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.  

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet.  

Kontaktinformasjon

studieveileder.isp@uib.no