Emner: SAMPOL100 Examen facultatum - Innføring i sammenliknende politikk - Vår 2021




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

 

Mål og innhald

Emnet gir ein brei innføring i faget samanliknande politikk og studentane får innsikt i sentrale teoriar, omgrep og politiske system i eit utval land. Emnet er todelt. Den fyrste delen omhandlar nokre av dei mest sentrale omgrepa og teoriane i faget samanliknande politikk: stat og nasjon, politiske regimer, demokrati, politisk økonomi og politisk deltaking. Den andre delen fokuserer på politiske styresett i eit utval av land. Omgrepa og teoriane frå den første delen blir nytta på empiriske døme for å forklare, forstå og samanlikne politiske styresett og land. I denne delen startar undervisninga med ein gjennomgang av dei nordiske politiske styresetta. Deretter blir fokuset retta utover mot andre etablerte demokrati i den vestlege verda, samt nye demokrati og autoritære styresett i andre delar av verda.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan

Ferdigheiter

Studenten kan

Generell kompetanse

Studenten kan

Krav til forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Emnet overlappar 10 studiepoeng med POLØK100.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei obligatorisk oppgåve, maksimalt 1500 ord. Oppgåva må være godkjend før ein kan gå opp til eksamen. Obligatoriske arbeid som er godkjende har inga tidsavgrensing.

 

Oppdatert: Obligatorisk undervisningsaktivitet blir høsten 2020 endra av omsyn til samanheng med andre tilpassingar i emnet:

Tre obligatoriske oppgåver på maksimalt 500 ord kvar. Oppgåvene må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen. Obligatoriske arbeid som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

6 timar skriftleg eksamen

 

Oppdatert: Skriftleg eksamen blir bytta ut med 2-dagars heimeeksamen (maksimalt 2500 ord) høsten 2020 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.

Eksamensinformasjon: Heimeeksamen blir utlevert kl 09.00 med innlevering kl 14.00 dagen etter.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%C3%A5-eksamenrett til ny vurdering.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no

 

Institutt

Institutt for samanliknande politikk