Sosialantropologi er vitskapen om det kulturelle mangfaldet i verda, og emnet gjev ei innføring i faget sine særeigne måtar å analysere sosiokulturell variasjon og samanheng på. Med utgangspunkt i studiar av ulikskap og likskap blant menneske, søkjer emnet å gje studenten ei første erfaring med grunnleggjande sosialantropologiske omgrep, perspektiv, metodar og framstillingsformer. Faget si breie tilnærming til menneskelivet vert vektlagt, så vel geografisk, tematisk som teoretisk - all menneskeleg kunnskap og verksemd verda over er interessant for faget. Vidare gjev emnet innsikt i den sentrale metoden i sosialantropologi, det langvarige feltarbeidet, og i viktige former for formidling, særskilt breie studiar av enkeltsamfunn (monografiar) og antropologisk film. Som ein del av emnet gjer studenten ein obligatorisk oppgave som gjev trening i observasjon og tolking, anten i det offentlege rom (gruppearbeid), eller (individuelt) med utgangspunkt i antropologisk film eller monografi. Det vert undervist i temaet ulikskap både breitt og djuptgåande, gjennom døme frå særs ulike samfunn verda over og gjennom eit grundig studium av eitt ikkje-europeisk samfunn.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Ferdigheiter
Generell kompetanse
Full fagleg overlapp og poengreduksjon for studentar som tidlegare har tatt SANT101
Førelesingar, litteraturseminar, etnografisk film og kommentarar til arbeid med skriftlege oppgåver via Internett.
2-3 timer førelesing pr veke
15 veker undervisning, ca. 40 timer førelesing totalt
Innlevering av oppgåve (må vere godkjent for å kunne gå opp til eksamen).
Vel mellom gruppeoppgåve og individuell oppgåve. Det er obligatorisk oppmøte på arbeidsgruppe og presentasjonar for dei som vel gruppeoppgåve.
Godkjend oppgåve er gyldig inneverande semester og dei 6 påfølgjande semestra.
Skuleeksamen 6 timer
Oppdatering: Vurderingsform er endra frå 6 timar skuleeksamen til 48 timars heimeeksamen hausten 2020 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.
Emna som inngår i det anbefalte studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
studieveileder@sosantr.uib.no
55 58 92 50 / 55 58 94 51