Emner: SEK100 Sammenlignende europeiske kulturstudier - Høst 2021




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

 Norsk

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen.

Dette emnet finst òg som reint nettstudium (SEK600).

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studentane innblikk i nokre sentrale omgrep, debattar og historiske oppbrott som har prega den kulturelle utviklinga i Europa frå renessansen til vår eiga tid, og korleis desse blir formidla først og fremst i litteratur, men også i andre kulturelle uttrykk. Aktuelle omgrep er verdsbilete, europear, nasjon, opplysning, revolusjon, kolonialisme og postkolonialisme. Andre døme på aktuelle omgrep kan vera individualisme, totalitarisme, isolasjonisme, globalisering, minoritet og rasisme.

Emnet vil belyse eit utval av epokar og oppbrottstider i europeisk historie der nye idear, omgrep og tenkjemåtar har blitt til eller skifta innhald på måtar som har påverka den kulturelle utviklinga og skjønnlitteraturen. Emnet vil ta for seg ulike epokar i et samanliknande perspektiv konsentrert om nokre omgrepshistoriske utviklingslinjer. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for SEK100 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med SEK600.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. 

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir undervist i sentrale delar av pensum i hovudsak i form av oversynsførelesingar. Normalt blir det gitt førelesingar to timar i veka i åtte veker. Det kan også bli aktuelt å organisera undervisninga i større blokker. Førelesingane vil vera tilgjengelege digitalt. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei obligatorisk skriftleg oppgåve på 750-1000 ord. Oppgåva kan skrivast på engelsk, fransk, italiensk, norsk, russisk eller tysk og vert vurdert til bestått/ikkje bestått.

I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk på oppgåva om ho ikkje vart godkjend ved fyrste innlevering. Oppgåva må vera godkjend før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er ein seks timars skriftleg, digital eksamen heimefrå. Eksamensspråket er norsk eller engelsk. 

Hjelpemiddel til eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne ved eksamen under forutsetning av korrekt bruk av kjelder. Det er sjølvsagd at teksten som leverast er studenten sin eigen. UiB bruker Urkund til elektronisk plagiatkontroll av innleverte studentarbeid.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum skal innehalda fagleg relevant sekundærlitteratur i form av bøker og artiklar, og vil også innehalda skjønnlitterære tekstar.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Institutt for fremmedspråk

Emneansvarleg

Institutt for fremmedspråk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no

Institutt

Institutt for fremmedspråk