Emner: SEK100 Sammenlignende europeiske kulturstudier - Vår 2021




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

 Norsk

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen 

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studentane innblikk i nokre sentrale omgrep, debattar og historiske oppbrott som har prega den kulturelle utviklinga i Europa, og korleis desse blir formidla først og fremst i litteratur, men også i andre kulturelle uttrykk. Aktuelle omgrep kan vere kultur, identitet, nasjon, totalitære regime, isolasjonisme/ proteksjonisme, globalisering, minoritet og kva det vil seia å vere europear.

 

Emnet vil belyse eit utval av epokar og oppbrottstider i europeisk historie der nye idear, omgrep og tenkjemåtar har blitt til eller skifta innhald på måtar som har påverka den kulturelle utviklinga og skjønnlitteraturen. Emnet vil ta for seg ulike epokar i et samanliknande perspektiv fiksert om nokre omgrepshistoriske utviklingslinjer. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

 

 

Ferdigheiter

Studenten

 

 

Generell kompetanse

Studenten

 

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

Ingen overlapp

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. 

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir undervist i sentrale delar av pensum i hovudsak i form av oversynsførelesingar. Normalt blir det gitt førelesingar to timar i veka i åtte veker. Det kan også bli aktuelt å organisere undervisninga i større blokker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 70% av førelesingane for å få gå opp til vurdering i emnet.

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er ein sju dagars heimeeksamen på om lag 2500 ord. 

Hjelpemiddel til eksamen

Våren 2021 er alle hjelpemiddel tillatne ved eksamen under forutsetning av korrekt bruk av kilder. Det er en selvfølge at teksten som leveres er studentens egen. UiB bruker Urkund til elektronisk plagiatkontroll av innleverte studentbesvarelser.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum skal innehalda fagleg relevant sekundærlitteratur i form av bøker og artiklar, og vil også innehalda skjønnlitterære tekstar.

 

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Institutt for fremmedspråk

Emneansvarleg

Institutt for fremmedspråk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no

Institutt

Institutt for fremmedspråk