Emner: SOS302 Sosiologiske teoritradisjoner - Vår 2021




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje studentane innsikt i moderne sosiologisk teori og generell samfunnsteori. Emnet omfattar presentasjonar av ulike teoretiske perspektiv og teoretiske diskusjonar, og ein kritisk refleksjon over korleis desse ulike perspektiva kan kasta lys over aktuelle empiriske problemstillingar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har

Dugleikar

Studenten kan

Generell kompetanse

Studenten har

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i sosiologi.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar førelesningar og seminar. Det er lagt til rette for studentaktivitet ved at studentane diskuterer aktuelle spørsmål i mindre grupper.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal skrive ein tekst på omlag 2000 ord, som drøftar eit av seminarspørsmåla. Studenten skal ut frå denne teksten gje ein munnleg introduksjon til drøfting i plenum.

Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i to semester etter godkjenning.

Vurderingsformer

7 dagars heimeeksamen (4000 ord +/- 10 prosent)

 

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår og haust. Eksamen vår berre for kandidatar med gyldig obligatorisk arbeidskrav.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no