Emner: SPLA100 Introduksjon til spansk og latinamerikastudium - Vår 2021




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningsspråk

Spansk og norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Studentane skal få eit godt grunnlag for eit akademisk studium av spansk og latinamerikansk litteratur og kultur gjennom å få ei elementær innføring i ulike tematiske einingar med relevans for dei tre disiplinane.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studentane kjennskap til hovudlinene i spansk grammatikk og uttale. I tillegg har dei fått ei første innføring i spanskspråkleg litteratur og kultur. Dei har opparbeidd god leseevne og kan uttrykkja seg munnleg og skriftleg på eit enkelt akademisk spansk. SPLA100 gjev grunnlag for vidare studium i spansk og latinamerikansk litteratur og kultur.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav

Tilrådde forkunnskapar

Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skule.

Studiepoengsreduksjon

SPLA100H (10 stp.)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkja Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset går over heile haustsemesteret (12 veker) med minimum 4 timar undervisning i veka. Undervisningsforma vil i hovudsak vera seminar med integrert gruppeundervisning. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ingen krav om minimumsframmøte til undervisninga, men studentane vert sterkt oppmoda om å delta aktivt på seminar og i gruppearbeid.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

Våren 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen til seks timar skriftleg eksamen heime, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Eksamensspråket er spansk på litteratur- og kulturdelen, og spansk eller norsk på grammatikkdelen. Eksamen er digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Ved skriftleg eksamen heime er alle hjelpemiddel tillatne.

Karakterskala

Hausten 2020 er karakterskalaen endra frå A-F til bestått / ikkje bestått, som følge av endringar i vurderingsforma.

Vurderingssemester

 Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Programstyret for Spansk språk og latinamerikastudium.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no