Emner: SPLA117 Spansk språk II - Vår 2021




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningsspråk

Spansk

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Emnet omfattar ei grundig innføring i spansk syntaks og fonetikk, samt fordjuping i spansk grammatikk, med vekt på spanskamerikanske variantar av språket. Emnet byggjer på SPLA107.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:  

Kunnskap:

Studenten

Ferdigheiter:

Studenten

Generell kompetanse:

Studenten

Krav til forkunnskapar

 Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

 Spansk innføringskurs eller kunnskapar tilsvarande Spansk nivå II frå vidaregåande skule. Det er ein føremon å ha gjennomført SPLA107 og EXFAC00SK Språk og Kommunikasjon.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for SPLA117 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA105 eller med SLAN640.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

 Undervisninga blir gitt i form av førelesingar/ seminar fire timar i veka i ti veker, delt mellom fonetikk og grammatikk. Det blir undervist i sentrale delar av pensum og i oppgåveløysing. Praktiske øvingar i grammatikk er knytte opp til førelesingane. I tillegg blir det gruppeundervisning to timer i veka i ti veker. 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ei obligatoriske oppgåve om utvalde tema frå pensum. Denne må utførast innan fristen for aktiviteten. Oppgåva blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Oppgåva må vera godkjend før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Våren 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen til seks timar skriftleg eksamen heime, som tiltak mot spreiing av koronavirus. Studentane skal svare skriftleg på spansk.

Hjelpemiddel til eksamen

Ved skriftleg eksamen heime er alle hjelpemiddel tillatne.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

 Pensum er i hovudsak utvalde delar av ein grammatikk.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no