Emner: SPLA119 Kultur og samfunn i Latin-Amerika - Vår 2021
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Ikkje relevant
Undervisningsspråk
Spansk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Studentane skal vinna kunnskap om nokre sentrale tema og problemstillingar i dagens latinamerikanske samfunn og kulturar. Kva emne ein vel å fordjupa seg i, vil verta fastlagt av emneansvarleg og vil variera frå år til år. Studentane skal analysera fagstoff, diskutera og reflektera over dette og trekkja eigne slutningar knytte til tema ein fokuserer på. Gjennom dette skal dei utvikla evna til å skjøna og bruka moderne spansk munnleg og skriftleg.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- har innsikt i nokre sentrale tema og problemstillingar i dagens latinamerikanske samfunn og kulturar.
- har forståing for korleis ulike perspektiv pregar framstillingane av dei latinamerikanske samfunna
Ferdigheiter:
Kandidaten
- kan gjera greie for nokre sentrale trekk og samanhengar i dagens latinamerikanske samfunn og kulturar
Generell kompetanse:
Kandidaten
- kan analyserefagstoff og trekkja eigne slutningar.
- kan demonstrere kunnskap og evne til fagleg drøfting i mindre skriftlige arbeid på eit klart og korrekt spansk språk.
- kan vidareutvikle kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Spansk innføringskurs eller kunnskapar tilsvarande Spansk nivå II frå vidaregåande skule. Det er ein føremon å ha gjennomført SPLA109.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoengutteljinga for SPLA119 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA104 eller med SPLA123H eller med SLAN613.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er basert på seminarundervisning med diskusjon, og legg derfor til grunn at studentane tar aktivt del i undervisningstilbodet. Normalt blir det gitt halde fire timar seminarundervisning i veka i åtte veker. Det kan også verta aktuelt å organisera undervisninga i større blokker. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal gjennomføra to munnlege oppgåver i løpet av semesteret. Det vert gitt informasjon om kva oppgåvene går ut på og kor tid dei skal gjennomførast, i byrjinga av semesteret. Vurderingsforma for arbeida er godkjent/ikkje godkjent.
Studentane skal i tillegg møta til ei obligatorisk rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåva. Rettleiing per e-post/tlf. blir ikkje gitt.
I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Alle dei obligatoriske arbeidskrava må vera godkjende for å kunna levera semesteroppgåve.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Vurderingsforma er ei rettleidd semesteroppgåve på 2000-2500 ord skriven på spansk. Studentane kan velja tema for oppgåva frå ei liste utarbeidd av emneansvarleg. Karakteren blir sett på grunnlag av både innhald og språk.
Ved eksamen i påfølgjande semester leverer studenten som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret den omarbeidde semesteroppgåva utan vidare rettleiing
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum (om lag 400 sider) kan vera sett saman av oversynsverk, artiklar og anna fagstoff, og vil variera etter kva tema kurset fokuserer på.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.
Administrativt ansvarleg
Institutt for framandspråk
Kontaktinformasjon
Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no