Emner: TVP101 Introduksjon til TV-produksjon - Høst 2021




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

 

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studentane teknisk basiskompetanse og mengdetrening som gjer dei budde på det vidare studieløpet.

Emnet er eit introduksjons- og førebuingskurs, sett saman av to modular.

Modul 1 er eit teknisk grunnkurs i bruk av filmkamera, lyssetjing, lydopptak og redigeringsprogram. Delar av den tekniske instruksjonen kan skje saman med det profesjonsbaserte programmet BASV-JOU. Tilhøyrande førelesingar relaterer den grunnleggjande tekniske opplæringa til praktisk medieproduksjon i ulike konkrete samanhengar.

Modul 2 består av praktisk arbeid, der studentane skal nytta kunnskapen frå den tekniske treninga i eigen praksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

Ferdigheiter:

Studenten

Generell kompetanse:

Studenten

Studiepoengsreduksjon

TVP100 (10sp) INFOMEVI106 (10 sp)

Studentar som tidligare har gjennomført INFOMEVI106 vil få fritak frå TVP101, så lenge dei følgjer deler av den tekniske opplæringa i TVP101. Dersom du har tatt INFOMEVI106 tidlegare, må du ta kontakt med studierettleiar.

Krav til studierett

Bachelorprogram i TV-produksjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Teknisk trening, produksjonar og førelesningar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane vil få nærare informasjon om obligatoriske aktiviteter og timeplan ved semesterstart.

Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Tre praktiske deleksamenar: Studentane får i oppgåve å lage tre korte filmar i grupper i løpet av semesteret.

Alle deleksamenar må vurderast som bestått for at ein skal bestå kurset.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no