Emnet har som mål å å sikre studentane meir spesialiserte kunnskapar og ferdigheiter innanfor éin fagfunksjon gjennom workshoppar og førebuingsarbeid til bachelorproduksjonane i siste semester, å gi studentane kunnskap om og ferdigheiter i manusutvikling, og å planleggje/tilretteleggje praksisperioden mot slutten av studiet.
Emnet består av fire modular.
Modul 1: Spesialisering
Dette semesteret skal studentane velje fagfunksjon: anten regi, foto, klipp, lyd eller produsent. Semesteret byrjar med ein serie workshoppar som skal gje kvar einskild student meir avanserte kunnskapar om, og ferdigheiter i, si spesialisering. Studentane blir delte inn i grupper etter fagfunksjon, og følgjer i hovudsak separate workshoppar. Delar av undervisinga er likevel felles for fleire fagfunksjonar.
Modul 2: Manus
Gjennom ei førelesingsrekkje og visningar av ulike typar produksjonar får studentane analytisk og historisk kunnskap om dramaturgiske konvensjonar, narrativ teori og sjangerteori. Meir praktisk retta workshoppar legg vekt på kreative og handverksmessige aspekt ved manusutvikling. Studentane skal så omsetja desse innsiktene og øva opp sine skrivedugleikar gjennom ei praktisk oppgåve i manusutvikling.
Modul 3: Praksisførebuing
I denne modulen skal studentane gjera greie for sine faglege kompetansar og yrkesmessige ambisjonar i samband med utplasseringa. Målet er å sikre at alle studentane blir utplasserte i eit fagleg relevant miljø med fagleg relevante arbeidsoppgåver, og at verksemdene får inn motiverte og vel førebudde studentar.
Modul 4: Preproduksjon
I denne modulen skal studentane bearbeide og analysere manusa som dannar grunnlag for bachelorproduksjonane. Dette tjener som vidareutvikling av studentane sine kunnskapar og ferdigheiter i deira fagfunksjon gjennom førebuingsarbeid til bachelorproduksjonane, og involverer typisk oppgåver som å finne locations, casting, prøveopptak og produksjonsplanleggjing.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
MEVI254 (10 studiepoeng)
TVP202 (20 studiepoeng)
TVP203 (10 studiepoeng)
TVP201 (30 studiepoeng)
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
TVP103 gir fritak fra manusmodulen.