Emner: TYS116 Tyskspråklig litteratur - Høst 2021




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningsspråk

 Tysk

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

 Bergen. Dette emnet fins òg som nettstudium TYS636. 

Mål og innhald

 Emnet omfattar ei generell innføring i historia til den tyskspråklege litteraturen frå ca. 1750 fram til i dag med utgangspunkt i eit utval litterære verk eller utdrag av verk (epikk, dramatikk og lyrikk).

Læringsutbyte

 Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten:

 

Ferdigheiter:

Studenten:

 

Generell kompetanse:

Studenten:

Krav til forkunnskapar

 Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

 Det blir tilrådd at studentane har bestått TYS106 / TYS626 eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS116 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS114, TYS114-F eller med TYS636.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i form av forelesingar, gruppeundervising og førebuingspakke. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad.

eller:

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Det er oppmøteplikt til 75 % av forelesingane. I løpet av semesteret skal studentane skrive ei øvingsoppgåve (ca. 500-700 ord) og halde ein kort munnleg presentasjon. 

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Pga. koronasituasjonen vil kravet om fysisk oppmøte til undervisninga ikkje bli handheva hausten 2021. Ved digital undervising gjeld oppmøtekravet.

Vurderingsformer

Eksamen er ein sju dagars heimeeksamen (om lag 1500 ord) og ein munnleg eksamen (ca. 20 minutt).

Den munnlege eksamenen skal vere ein presentasjon på om lag 10 minutt. På den munnlege eksamenen blir det òg stilt spørsmål om heimeeksamen og pensum elles.

Begge eksamensdelane må vere greidd i same semesteret.

Det blir gitt éin samla karakter. Ved fastsetjinga av denne karakteren tel heimeeksamenen 50% og munnleg eksamen 50%.

Hausten 2021 blir munnleg eksamen digital, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

Hausten 2020 er alle hjelpemiddel tillatne ved eksamen.

Karakterskala

 Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

 Pensum omfattar eit utval litterære verk, ei kort innføring i litteraturhistoria frå det 18. hundreåret fram til i dag.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

 Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for tysk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no

Institutt