Den lingvistiske delen av emnet gir ei innføring i sentrale deldisiplinar i tysk (germanistisk) språkvitskap. Dette kan vere morfologi, syntaks, semantikk, fonologi, orddanning, tekstlingvistikk/tekstgrammatikk, pragmatikk eller fagdidaktikk
Den litteraturvitskaplege delen av emnet gir ei innføring i sentrale retningar innan moderne litteraturvitskapleg teori og metode med utgangspunkt i eit mindre utval av litterære verk. Dette kan t.d. være metaforteori, sjangerlære, narratologi, hermeneutikk, psykoanalyse, resepsjonsteori, kritisk teori, postkolonial teori eller gender studies.
Kunnskap:
Studenten
Dugleik:
Studenten
Kompetanse:
Studenten
Undervisninga blir gitt som forelesningar/seminar, der ein går ut frå at studentane deltek aktivt.
2 dobbeltimar
9 veker
(til saman 9 dobbeltimar litteratur og 9 dobbeltimar lingvistikk)
Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
I løpet av semesteret skal det skrivast to korte (ca. 500 ord) øvingsoppgåver (ei i kvar av disiplinane) og haldast to munnlege presentasjonar i tilknyting til undervisninga (ei i kvar av disiplinane).
Arbeidskrava må vere godkjende av faglærar før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret.
Hausten 2021 kan dei munnlege presentasjonane skje digitalt.
Vurdering skjer på grunnlag av ein 4 dagars heimeeksamen (omfang: 2500 ord) og ein munnleg eksamen (omfang: ca. 30 minutt).
Den munnlege eksamenen skal innehalde ein inntil 10 minutt lang presentasjon av eit sjølvvalt pensumrelatert emne frå den disiplinen ein har valt bort på heimeeksamen. På den øvrige delen blir det stilt spørsmål om pensum og heimeeksamen.
Ved utrekninga av den endelege karakteren tel heimeeksamen 50% og den munnlege eksamenen 50 %.
Hausten 2021 blir munnleg eksamen digital, som tiltak mot spreiing av koronavirus.